Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 26. november 2014

Info om julemøtet 3. desember



Juleavslutning i quilteklubben !
Vi skal vere på stabburet til Svanhild på Rysdalsneset.Kl.18
Parker oppe med vegen,då de er lite parkering ved stabburet.
Vi har loddsalg ,vis og fortell som vanleg.
Hugs julepakke 😃

Mvh styret.

fredag 7. november 2014

Julemøtet - viktig info!

Dei som vil vere med på jule-møtet den 3. desember, må melde seg på til 

Reidun, tlf. 95910698
innan 20. november.


Etter denne datoen kjem det meir info frå styret.
Spennande, skal tru kva dei har funne på no?

Vel møtt!


Tips til skråband-laging.

DIY - do it yourself - gjer det sjølv - GDS......

På siste møte blei det vist fram mange hjarte-krusmatter. Kvar matte krev ein del skråband. Det er ikkje lett å finne varierte bomullsskråband på butikkane, så kvifor ikkje lage dei sjølv på ein smart måte?



Her er bilde og link til eida-bloggen, der dei hadde demo av smart måte å lage skråband på.



På denne linken  er og ein god demonstrasjon av framgangsmåten:

Novembermøtet.

Denne kvelden hadde vi det ekstra kjekt på medlemsmøtet! Styret hadde laga fint til med langbord og pynt, og Marie hadde laga til små stitchery med julemotiv til fellesaktivitet. Marie gjer mykje for klubben sjølv no ho er ute av styret, tusen takk!

Vis og fortel

Løparar o.l., det meste er ferdige ting, men vi har stor takhøgde for å vise fram undervegs-arbeid og, og takk for det!















Anna sine mega-puter til barnebarna. Det er berre å ta av seg hatten!





Eit av dei større prosjekta som blei viste fram denne kvelden. Nydeleg handsaum og handkvilting!


Layercake, bualinjal og fleece bakside, herleg maritimt teppe!


Krusmatter med lomme:






Vesker, toalettvesker m.m.:

Denne veska har vårt nye medlem Rianne sydd. Velkomen i klubben!











Julepynt m.m.:












Kari kom rett frå jobb og hadde ikkje med seg noko å vise, til ei forandring. Heldigvis hadde ho ei kjempefin heimedesigna jakke/kofte på seg. Utruleg!





Ein del av damene rundt bordet. Søgjen gjekk livleg, sjølv om det er god konsentrasjon også. 


Stitchery under arbeid:

Reidun, vår dyktige leiar, hadde brukt fantasien, og pynta fint med lilla og sølv.