Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 29. september 2023

Velkommen til ny samling i klubben onsdag 4.10. på GU!

Tema på samlinga er å sy juleting, men du kan sjølvsagt sy på dine eigne prosjekt. 

Ni klubbdamer blei med på inspirasjonstur til Marit på Trapp Ned forrige veke. Vi har lagt opp til at du kan få lage noko av det ho presenterte for oss på komande onsdag. 

Det må seiast at det var ein veldig kjekke tur! Ho hadde mykje å vise og fortelje oss, og inspirerte blei vi!! Så blei det også god tid til å studere stoff og mønster i butikken, og ingen reiste tomhendt heimatt for å seie det slik! 

Her viser eg det du kan sy på samlinga. Om du vil sy englar (nissar)  tek du med deg stoff, isoporkule til hovud og band av naturbast, ein knapp og litt vatt til kroppen. Vi har med malar. 

Til korga tek du med stoff og platevatt. 

Du må ha symaskin med! 

Og vil du heller sy noko anna, gjer du som sagt det!

Kaffivertinner er Anne Johnsen og Marit Helle Bolstad (Marit bytte med Reidun forrige samling)

Vi blir veldig glad om du tek med deg noko til "Vis og fortel"!




 Litt dårleg bilete av korga, men det får duge!



tirsdag 12. september 2023

Vil du vere med på inspirasjonstur til Marit på Trapp ned i Førde? Det blir onsdag 20.09!

Du kan enno melde deg på! 

Frist fredag 15.09. (Gjeld dei som ikkje melde seg på onsdag, den 6.09. Dei som var usikre må og gje tilbakemelding om dei vil vere med eller ikkje!)

Avreise frå Firda Bilag kl. 16.00. Når eg får oversikt på kven som skal vere med, set eg opp kven som køyrer og kven som sit på! 😀

Dette skal bli kjekt! Vi kan berre glede oss!!👍

 Triveleg samling i klubben onsdag 6.09

 Her kjem bileta frå Vis og fortel! Noko er laga i løpet av kvelden, ma. den mørke korga!



   
 






















lørdag 26. august 2023

 Kaffivertinner hausten 23


6. 09: Kari Rindal Eide og Marit Helle Bolstad
4.|10: Reidun Flølo og Anne Johnsen
1. 11: Marianne Kårstad Raad og Annlaug Rygg

torsdag 24. august 2023

 Velkommen til quiltetreff onsdag 6. september kl. 18.00 på GU!

Hausten er rett rundt hjørnet, og styret i klubben er snart klar til nytt quiltetreff. Det håpar vi du og er!👍 Vi har sett opp ein plan for innhald på samlingane som vi håpar fell i smak!

  1. Onsdag 6. 09:  Vi syr brikker, korger eller hexagon (papirsaum) eller du syr på dine eigne prosjekt.
  2. Onsdag 20.09: Vi besøkjer Marit på Trapp ned i Førde. Avreise 16.00. Meir informasjon og påmelding 6.09. 
  3. Onsdag 4.10:   Vi syr juleprodukt.
  4. Onsdag 1.11:   Vi syr strikkepinnemappe og handlenett. Handsaum for dei som ynskjer det. 
  5. Onsdag 6.12:   Juleavslutning på Ravnestad m/Grethe


Informasjon om samlinga den 6.09. 

Tema: Denne kvelden kan du velge mellom å sy brikker, korger eller handsaum av sekskantar/hexagon på papir. Du kan sjølsagt og sy på dine eigne prosjekt. 

Her ser du bilete av produkta som du kan sy: 


                  
Kaffistoffa får du kjøpt på Fantasi, og hugs, du som medlem får alltid 10 %, og du får med                      gratis mønster!



Har du kanskje lyst til å sy slike brikker? Marie viser og forklarar. Kanskje du har restestoff heime? Hvis ikkje veit du heilt sikkert kor du får tak i dei!😁

 


                    Vi har sydd ein del korger i klubben i det siste, men denne måtte vi berre ha med!

Du får kjøpt slike band i mange ulike fargar på Fantasi  Du syr korga med sikksakk sting. 
Veldig enkel og lett å sy! 


    Janne har og sydd ei slik, og ho har sett på ein tøff skinnlapp! 


Er du glad i handsaum og har lyst å prøve deg på Hexagon? Du får kjøpt malar på Fanasi,  men du kan og lage dei sjølv! 




Så folkens, her er det berre å velge og vrake! Vi håpar det blir ein kjekke og inspirerande kveld!

tirsdag 13. juni 2023

Betaling for besøk på Vågsberget, for dei det måtte gjelde!

Henny fekk fakturaen og betalte for alle på Vågsberget, kr. 90 pr. person. De kan vipse til ho på tlf. nr. 48152204.

Ikkje alle som reiste, var med på omvisninga, og dei skal sjølvsagt ikkje betale. 



Så må de alle ha ein riktig god sommar!🌞🌞 Nyt dagane med eller uten sytråd! 

Oversikt på opplegget til hausten, kjem i august!

søndag 4. juni 2023

Tur til Henny i feriehuset hennar i Vågsvåg onsdag 7. juni.

Det vert avreise frå Firda Bilag kl. 15.20, presis. Ferja går 15.40. Retur frå Vågsvåg 21.30.

Omvisning i Vågsberget kl. 17.30. Billett kr. 90 pr. person


Her kjem ei oversikt på kven som køyrer og kven som sit på:


Bil 1

Else Gimmestad køyrer

Elin Torvik Grov

Leila Eikeseth

Torill Torgnes 

Else plukkar opp Torill på busstoppet i krysset der vegen går opp til Føleide. 


Bil 2 

Torill Rygg køyrer

Annlaug Rygg

Else Pernille Eide

Anna Henden


Bil 3 

Marianne K. Raad køyrer

Solveig Lunde

Reidun Flølo


Marie M. reiser dagen før.

Svanhild R. køyrer sjølv.

Janne L. K. køyrer sjølv.