Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

søndag 26. mars 2017

Oldemorsblokker.

På aprilmøtet blir klubb-aktiviteten å sy oldemorsruter. Kari vil vise ein lur måte å sy dei på.

Du kan gjere ferdig på førehand:

12 ruter til ytste runden.
8 ruter til nest ytste runden.
4 ruter til inste runden
1 rute til midten

Alle desse rutene skal kuttast på 2 1/2 inch.

Bakgrunnsstoff, lyst eller mørkt:

12 stk 2 1/2 x 3 1/2 inch
4 stk 2 1/2 x 5 inch

Du vel fargar du likar, men mønsteret kjem best fram der det er god kontrast.

onsdag 15. mars 2017

SAMSYING

Laurdag 1. april kl.10.00. Dette blir ei felles sysamling der kvar av oss syr det vi vil. Ta med mat.

tirsdag 7. mars 2017

Sylørdags seminar

Hei.
Sist på klubbmøte informerte Margrethe om veskesying av møbelstoff. Eg har tilbode meg å halde møbelstoff, så kan vi sy veske ilag. De må sjølv halde vatt/fòr og anna, men det kostar ellers ingenting å vera med. Send ein sms til meg, med namnet ditt om du vil vera med, så kan eg kontakte deg, når eg finn ut det passar å ha det.
Eg har også sett det inn på facebooksida, men alle er ikkje der, og bede Elin sende e-post til dåke, så alle er informert.
Her er bilde av veska eg har sydd av møbelstoff. Eg har teke utgangspunkt i mønster frå Quiltemagasinet nr 4-2015, laga av Bente Larsen. Så det er fint å ha med om du har det.
Fargane i stoff eg har er blåe, brune, svarte, grøne, rause beige, litt turkis igjen.

Send sms til Liv Holvik 41530631

torsdag 2. mars 2017

Mars-møtet.


Show and tell - vis og fortel!

Hawai-teppet til Inger Ø. Ho har designa teppet heilt sjølv, riktig lekkert blei det!


Annlaug har fått ferdig juletreteppet. Det er så utruleg lekkert. Stoffa til Wenche Wolff Hatling er nydelege!




Marie har fått ferdig fleire nye løparar.




Skjorter og chambray, nydeleg!






Torill R. har laga denne nusselege nåleputa frå den nye boka til Grete Gulliksen Moe, Kult å sy.


Grethe går systematisk til verks i sitt utømmelege ufo- og reste-lager! Her er hovudteppet til høgre, og bonusblokkene til venstre. Fargane kjem ikkje tydeleg fram her dessverre.





Anna syr fine løparar!


Enkle underlag av veninna Marie Brendefur sine vakre sjølvfarga batikkstoff.



Reidun M. har laga eit spesielt og lekkert veggteppe! Kven var designer?


Vi er heldige som no får halde til i Gloppen Ungdomsskule sitt nye, flotte tekstil-rom. Her er godt lys, høgt skjærebord, mange kontakter etc.


Aktiviteten neste gong er oldemor-ruter. Det blir lagt ut info om dette litt seinare.
Her viser Kari E. teppet sitt i sterke kontrastar og knallfargar...


....og her er Marie sine blokker i lys variant.


Til slutt denne nydelege løparen som Margrethe held på med. Utgangspunktet her er kit av Anne Beier Finnestad.