Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

tirsdag 12. desember 2023

Kva skjer etter jul?

10. januar vert det samling på GU, som vanleg kl. 18.00 Tema er UFO! Vi tek med alle uferdige prosjekt  og syr i lag!

Så blir det veskekurs med Liv Ingunn Holvik den 17. og 24. januar. (meir informasjon finn du på innlegget nedanfor)

Årsmøte blir onsdag 7. februar kl. 18.00 på GU. Innkalling og sakliste kjem etter jul. 



 Juleavslutning på Ravnestad 6.12.23 og kurs i januar 

13 klubbdamer hadde ei fin årsavslutning på Ravnestad med Grethe som vertskap. Ei stor takk til Grethe for at du tok imot oss!  👏👏

På samlinga orienterte Marie om veskekurset som Andre Wallenborg skal ha på Eid 27.-28.januar. Der er nokre ledige plassar, så ver rask om du ynskjer å vere med. Meld på til Marie, så vidareformidlar ho. Meir informasjon om veskene, får du og av Marie. 

Liv Ingunn Holvik skal ha veskekurs for klubbmedlemmer 17.01.og 24.01.24. Begge dagar frå 17.00-22.00. 

Kurset kostar kr. 500,-  Materiale og stoff kjem utanom. Påmelding innan 20.12. til Marie tlf. 95798355.

Her ser du bilete av dei flotte veskene! Meir informasjon om kurset kjem etter at påmeldingsfristen er ute. 


Flotte bilete frå samlinga kjem her! Underteikna hadde ikkje høve til å vere der, så Marie var fotograf denne gongen! Tusen takk til deg!👏👏 

Ei riktig god jul til dei kreative medlemmene i klubben vår! Håpar de har hatt det like kjekt som meg på samlingane våre i år! Eg gledar meg allereie til ny treff i 2024, eg!😄


              

       Grethe hadde laga det veldig koseleg til for oss!