Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

lørdag 29. oktober 2016

Klubbaktivitet i november!



Klubbaktivitet 2. november er "crosscut".

Vi startar opp kl. 17 på vanleg stad.

Du treng:

-symaskin
- ein avlang linjal og ein kvadratlinjal, ca. 6,5 inch,
-skjæreutstyr
-strykeutstyr om du vil ha på bordet ditt
-skjæreplate om du vil ha på bordet ditt

Stoff:

-9 stk. kvadrat i fargar og kvalitetar du likar, gjerne forskjellige stoff i same hovudfarge, str. ca. 9,5 inch. (ein kan ha færre stoff, det kjem an på kor stort produkt ein vil lage. Til min løpar under har eg brukt 9 kvadrat, og det vart att berre lite avkapp).

- strimlar i kontrastfargar på 1 inch. Desse kan syast saman på lengda om ein vil.

Her finn du link til staden eg har funne opplegget.

Du kan og gå på Instagram #crosscutquiltalong eller på Pinterest og søke på det same.


Helsing Elin.


mandag 17. oktober 2016

Kurs med Randi Røys

Bilderesultat for randi røysBilderesultat for randi røys

Kurs med Randi Røys laurdag 5. november kl. 11 på Firda vgs!

Om du googlar Randi og klikkar på bilete, får du fram mange produkt ho har laga. På dette dagskurset skal vi lage løpar, men ikkje nødvendigvis slik som er på biletet her.

Janne skriv følgjande:

  •  Ta med 30 cm av 4 - 5 forskjellige stoff til applikasjon av blomster, sommar-fuglar o.l. Velg sjølv om du vil ha eit lyst eller eit mørkt stoff til bakstykke.
  • applikasjonsvliselin , vatt, bakstykkestoff
  • Vel sjølv fargar til applikasjon som du sjølv likar, sommar, haust, vinter eller vår...
Her kan du gå inn og finne bilete frå eit anna kurs ho har halde.

torsdag 6. oktober 2016

Klubbmøte i oktober!

VIS OG FORTEL


Her er det som blei vist fram på møtet. Det var ikkje mange frammøtte denne kvelden, likevel fekk vi sjå mykje fint!

Jorunn har laga kjempesøte krusmatter!


Kari S. har funne fram og gjort ferdig gamle prosjekt. 
Dette er Patricia-teppe!



Dette var klubbaktivitet i fjor. Dette teppet blei heilt fantastisk!




Katedralvindu til Margrethe. Ho har halde kurs på Fantasi.
Under har ho trykt med "dies" frå same butikk.






Inger W. har sydd fleire Sewtogether-bags.





Lilla utgåve av AnnaKa sin adventskalendar.
Kjempefin!




Grethe R.



Ho har umetteleg lager av gamle stoff tydelegvis. Dette skal bli ein duk. Nesten trendy Libertystoff...




Kari E.

Årets Hellasteppe er ferdig. Det blei heilt fantastisk, fargane kjem ikkje så godt fram på bildet. Blanding av store og små Ohio Star-blokker og avispapirstriper.




Blokkbyte-teppet som var aktivitet i fjor. Det var kjekt og innspirerande å sjå korleis ho har løyst monteringa. No må vi andre bli ferdige og!




Marie sin delikate kjøkkenduk, ho held på med handkvilting i sentrum.





Underteikna sin crosscut-løpar. Sjekk Lappetausa sin blogg for meir info om dette prosjektet. Det skal vere klubbaktivitet i november!


Denne minidrageløparen har eg laga no nyleg, og her har eg brukt QMR frå Sew kind of Wonderful. Sjekk Lappetausa her og. Har m.a. laga ein link til Chambray-stoff.
Designet er eige, men har vore inspirert av mønsteret til SKW som heiter Mini Kites.


Løpar i moderne stoff frå Karen Lewis og ein type bargellostil, eigekomponert.


Lettvintløparen som ikkje var heilt ferdig. Dette bedårande stoffet har eg kjøpt på Etsy.com



Janne



Alle desse småkorgene blei sydde på forige møte, då vi hadde besøk av damene frå MIMRE.


lørdag 1. oktober 2016

Tepper som varmer 1.oktober 2016

Hei sann alle damer i Gloppen lappe og quilteklubb.

Her tek eg meg litt til rette og viser dåke tepper eg har sydd av stoff mange av dåke i klubben har sponsa til sygruppa, som Kari med fleire hadde for nokre år sidan. Eg har sydd 4 tepper av delvis stoff frå dei stoffa klubbdamene donerte oog 4 tepper av stoff som FR. Jørgensen sponsa til 4H gruppa vår og som dei ikkje såg seg nytte i. Ellers er det fleire tepper i arbeid, som Margrethe, Inger og Astrid held på med. Tenkte det var kjekt for dåke å sjå at stoffa er blitt brukt til noko nyttig. Eg har sendt 8 tepper til Tepper som varmar i Ålesund, og dei er veldig glad for bidraget. Nokon som har lyst å henge seg på????????????

              Vi har ellers fått litt stoff frå Mona Vekst og privat har vi også sponsa ein del.
 Teppene er quilta med fleece på baksida og nokre er pynta med blonder og hekla blomster.


 Desse teppa med figurar har eg ikkje bilde av når dei er ferdige med ramme. Har nok bilde ein plass på dataen, men sporlaust borte idag.



                              Inspirasjon har kome etterkvart og mykje frå Pinterest.