Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

mandag 28. april 2014

Vestlandstreff i Florø!


Anna-Ka: Log cabin med vri.

Har du meldt deg på Vestlandstreffet i Florø? 10. - 12. oktober kjem ein flott bukett kjende og gode kurshaldarar til vestlandsbyen. Her har eg kopiert nokre bilete frå heimesida til treffet.
Fredagskvelden skal Kathrine frå butikken i Oslo halde inspirasjonsføredrag. Helle blir og med!
Gå inn her og les!

Anna-Ka: Needleturn og broderi


Helle Løwenskjold: Le Moyne-linjalen


Anne Beier Finnestad: Stoppefoten


lørdag 26. april 2014

Vis og fortel på aprilmøtet


Desse bileta ber preg av komande påske og ferdigstilling av kursteppe. Dei blir presentert hulter til bulter denne gongen.
Så ser vi fram til  mai-møtet vårt på Breim!




























mandag 7. april 2014

Regionstreff på Nordfjordeid 6. april!

Søndag 6. april var det regionstreff på Eid. Dei skuffa ikkje, det var eit veldig godt arrangement.
Denne dukka i nordfjordbunad er faktisk ei kake!

  
Det var rømegraut og spekemat til middag, og eit svært rikhaldig kakebord etterpå! Så var det åresal og anna. Seks butikkar var der, Frøken Fryd, Florø Husflid, Trapp Ned, Lappeloftet, Lappestua og Primula Design. 

Nokre bilete frå utstillinga, her kjenner vi att Patricia Iden sitt verk!





  
Dersom nokon har fleire og betre bilete, ver snill å sende over til meg. Som vanleg har eg fototrøbbel...

















Endå ei vakker kake!





Kari vår imponerte med foredraget sitt, det var veldig inspirerande!
Ho hadde med Øystein på gitar og Margot på vokal, dei framførde to vakre songar.



Då må vi takke alle i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb for vel gjennomført treff. Vi vil sikkert finne meir bilete på bloggen deira snart.