Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

fredag 19. august 2016

Ny sesong!


Biletet er henta frå Facebooksida til MIMRE.


Vi startar opp haustsesongen den 7. september på Firda vgs. kl. 18.00.

Besøk av Margret Nygaard og Kjellaug Djupvik frå MIMRE i Naustdal, som brenn for gjenbruk og bruk av gamle tekstilar. Dei tek med små materialpakkar, så det er høve til å ta med symaskinen for dei som vil sy.

Plan for resten av hausten vil bli tema på dette møtet, så det er kjekt om mange møter.

Kaffivertinner er Annlaug Rygg og Edny Dale.

Vi håpar på ein spennande og innhaldsrik haust, og ønskjer alle velkomne!



torsdag 11. august 2016

Avslutning før sommaren.




Hei alle!
Somme har venta på innlegg frå mai-møtet, som underteikna ikkje var på. Møtet blei halde på Lauget. Sol var så vennleg å sende meg bileta ho tok, men eg har problem med å laste dei inn på maskina mi.
Derfor blir det berre nokre få bilete i denne omgongen. Sorry!

Så møtast vi vel att i september?
Elin.