Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

torsdag 8. mai 2014

SYGRUPPA, ZTING 2014

Her kjem eit lite innlegg frå sygruppa Zting, som Margrethe og Liv(Janne er økonomisjef) har no hatt 4. året på rad.
I år har vi hatt 4 samlingar og har brukt 4H heftet , Kreativ saum.
Med i gruppa i år, har det vore 4 jenter og 3 gutar. Kjempekjekt at gutane og ville prøva seg.

Her ser de noko av det dei har laga.
Gryteklutar i dongery. Penalhus/toalettveske.
Permomslag og glasbrikke.


Pute i krympestoff og så laga alle eit stort teppe, sydd i mursteinsteknikk, med 4H fleeceteppe på baksida.
Kanskje dei får lyst å sy lappeteknikk ein gong i framtida.



Avslutningstur for Quilteklubben til Kvia i Breim, 7. mai 2014


Her er vi komne opp på Kvia i Breim, der Marit tok imot oss.
Ein kjempefin gapahuk/utestove. Vi skulle no kose oss her, ja.


Eit av dei andre husa på tunet.


Sjå kor flott Marit har laga det til her. 
Teppe er frå eit kurs med Patricia Iden. Langt tilbake. Kven som har laga dette fekk eg ikkje med meg, men flott er det.

Her er det dekka så flott, så flott.
Vi fekk servert nydeleg fiskesuppe, laga av Svanhild.
Focaccia laga av Laila, Grethe M. og eg trur det var fleire.
Etter , Vis og fortell, fekk vi smake på to kjempegode kaker, gele/ostekake og ei kake med det spesielle namnet, himmelsk munnbit. Og begge smaka himmelsk.


Nydeleg peis var der,og, så fryse gjorde vi ikkje. Her er Grethe så kjekke og er kveldens modell.

Nydelg teppe laga av Arnfrid. Dei små kvaderata er på 5x5 cm.


Hjerte laga av svigerdøttra til Marit. 
Materialet ho har brukt her, er bjørk.

Dåpsteppe til barnebarnet til Marie. 


Dette er framstykket på teppe til Marie, laga med buelinjalen, den som blir brukt til ugleløpar/pute. Dette er også Annka sitt mønster. Vi får nok sjå det igjen seinare, når teppet er quilta og lukkekant er kome på.


Toalettveske også laga av Marie. Mønster frå Northern Quilts.

Janne sitt kosteppe, når ho set i hagen/lysthuset sitt på litt kjølige sommarkveldar.

Kari er berre supergod på å sy store tepper. Dette kallar ho eit gratisteppe, og det tenkjer eg ho må skrive ei forklaring på ,som vi kan leggje ut på bloggen. Flott, til å bli glad av.

Eit litt mindre teppe av Kari. Mørkt bilde, men laga i fine fargar, og Kari er spesielt glad i borda som går rundt teppet.

Henny har brodert så flott, og ellers sydd over papp. Fine fargar og blir spennande å sjå det heilt ferdig.

Solveig har sydd ein glad hjerteløpar. Bildet nedanfor er eit detaljbilde av hjertene.


Annlaug har sydd ein påske/vårløpar. Vakker.

Liv sitt gamle fryse/koseteppe. Laga av møbelstoff og er mykje brukt og godt slite.

Grete R. sitt herlige koseteppe. 

Alle dei 22 damene som var med, trur eg er enig med meg om at det var ein kjekke kveld og vi takker styret for alt dei laga til for oss. og takk til Marit som tok imot oss på Kvia. No ynskjer vi alle ein god sommar, måtte den bli solrik,(det er lov og sy i sommar)og så møtast me att første onsdagen i september.

mandag 5. mai 2014

Mai-møtet

Mai-møtet


 vert på Kvia i Breim den 7. mai.

 Det blir i gapahuken, kle etter veret!
 Ta gjerne med store tepper, til oppheng/pynt, og varme.

Oppmøte ved Firda Billag kl. 17.45, der ein samordnar køyring. 
Det kostar kr. 100 for mat/leige.