Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

fredag 16. januar 2015

Årsmøte 2015 og Birmingham Festival of Quilts



 Innkalling til Årsmøte 2015

                               Gloppen Lappe- og Quilteklubb
                                Gloppen ungdomskule 4. februar kl 18.00

Sakliste:

1. Godkjenning av saklista
2. Valg av møteleiar,skrivar og 2 til og skrive under protokollen
3. Godkjenning av årsmeldinga
4. Godkjenning av regnskap
5. Valg
6. Eventuelt

Saker som de ynsjer og ta opp på årsmøte,må sendast til leiar på e-post : reidun_askflolo@hotmail.com. Eller mobil 95910698 innen 2. februar 2015.


Inger W. Øvrebø sitt flotte teppe!


Birmingham Festival of Quilts

Har du fått feriemagasinet til Travelnet Fjordane Reisebyrå i postkassa? Under ligg ei lenkje til den digitale utgåva. Merk turen til Birmingham og quiltefestival i tillegg til London i august! Kven reiser?

Kopier lenkja nedanfor og lim inn i adressefeltet.

https://issuu.com/findriv/docs/feriemagasinet_2015_travelnet_fjord/1?e=0

Vestlandstreff 2015, info

 Nordfjord Lappe- og Quilteklubb skal arrangere Vestlandstreff i oktober 2015. I denne samanhengen har dei laga ein flott og  informativ blogg, med all naudsynt informasjon. Kurshaldarane blir godt presenterte etter kvart. Dette er imponerande planleggingsarbeid! Sjekk lenkja. Dei har også offentleg facebookside.

Førebels kursliste, merk nr. 5, vår eiga Liv Ingunn!

Oppdatering: Wenche Wolff Hatling kjem og! Kven blir den neste?.


1. Sylvi Ruud





2. Randi Røys


3. Kari Renolen

4. Vigdis Hovden Månsson
5. Liv Ingunn Holvik  
6. Frøydis Myhre

7. Anne Pia Godske Rasmussen

Januar 2015

Onsdag var det tid for årets første møte i klubben. Her er bilete frå Vis og fortel.