Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 27. april 2022

Kjære quiltedamer😀

Set av onsdag 4. mai! Då samlast vi på Good Mexican i Breim til avslutning før sommarferien. 

Tid: 18.00-20.00

Vi får servert suppe m/brød og kaffi/kake til dessert!

Pris for deg:  kr. 100. Klubben sponsar resten! 

Ta med syprosjekt til vis og fortel!

Dei som er frå Sandane og omegn, møter på Firda Bilag m/bil kl. 17.30. Så fyller vi opp bilane og køyrer derifrå. 

Påmelding:  Send SMS eller ring til Marianne, tlf.  95180259 innan søndag 1. mai. 

Håpar mange har lyst til å vere med på avslutninga! 

Du er velkommen!

Mvh Marianne og resten av styret



søndag 10. april 2022

April-møtet

 Det var godt frammøte og fin stemning på klubbmøtet vårt denne første onsdagen i april. Her kjem ei oppsummering i form av bilete.

Diverse høner og hanar var aktiviteten, som Marie stod for, her er Kari sin produksjon!




Sol vier fram veska ho har fått av dottera si, Synnøve. 



Laila si gjenbruksveske.


Marie:


Laila har laga mange fine ting, t.d. eit nydeleg krabbeteppe i stoff frå Desiree.






Svanhild med vakkert teppe! 
I tillegg hadde ho med ei mappe full av påskeløparar, "som vi har sett før"....


Reidun: Ein By Annie-modell.



Janne:

Pose frå Myquilt.


Desse posane er laga  av gamle ferdigkvilta kjøpebrikker.

Nydeleg teppe, sydd av Henny.




Ein av gevinstane, sydd av ......




Marianne har sydd fleire slike korger til badet.



Elin:

Løpar frå Atkinson Design, mønster frå Fantasi.



Gryteklutar inspirert av Inger G.


Timotei sine påskegryteklutar.


"Modern Japaneese Rice Pouch", ein moderne versjon av dei japanske risveskene som såarane har/hadde med på åkeren. Veldig grei modell!



Kari si korg, panel frå Fantasi.


lørdag 2. april 2022

Regionstreff på Eid!

 Her kjem biletglimt frå det kjekke treffet på Eid. Nordfjord Lappe-og Quilteklubb greidde det igjen!

Helsing Elin. 

Frå utstillinga i kyrkja:






























Frå kyrkjetunet: