Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 2. september 2016

Vis og fortel på Lauget i mai.

Sol har sendt over bileta sine på cd, og då gjekk det greitt å importere. 
Bileta er ikkje redigerte av meg, og eg har lasta dei opp litt hulter til bulter.
Det skal ikkje vere vanskeleg for medlemmane å kjenne signaturen på mange av desse produkta!
Nok ein gong takk til Sol som tok seg bryet med å formidle bileta!





































fredag 19. august 2016

Ny sesong!


Biletet er henta frå Facebooksida til MIMRE.


Vi startar opp haustsesongen den 7. september på Firda vgs. kl. 18.00.

Besøk av Margret Nygaard og Kjellaug Djupvik frå MIMRE i Naustdal, som brenn for gjenbruk og bruk av gamle tekstilar. Dei tek med små materialpakkar, så det er høve til å ta med symaskinen for dei som vil sy.

Plan for resten av hausten vil bli tema på dette møtet, så det er kjekt om mange møter.

Kaffivertinner er Annlaug Rygg og Edny Dale.

Vi håpar på ein spennande og innhaldsrik haust, og ønskjer alle velkomne!



torsdag 11. august 2016

Avslutning før sommaren.




Hei alle!
Somme har venta på innlegg frå mai-møtet, som underteikna ikkje var på. Møtet blei halde på Lauget. Sol var så vennleg å sende meg bileta ho tok, men eg har problem med å laste dei inn på maskina mi.
Derfor blir det berre nokre få bilete i denne omgongen. Sorry!

Så møtast vi vel att i september?
Elin.



mandag 11. april 2016

Vår-avslutning


Vi avsluttar våren med oppmøte på parkeringsplassen ved Coop Extra Sandane, 
onsdag 4. mai kl. 19.30

Påmelding til Grethe Ravnestad, TLF. 97637555 INNAN 20. APRIL.

Det blir felles transport, og pris er kr. 150 pr. pers. for mat og drikke. Klubben er med og sponsar litt.
Hugs å ta med til Vis og fortel.
Vi sjåast!

-Janne

torsdag 7. april 2016

Aprilmøtet

På klubbmøtet 6. april var det sying over plast som var tema.

Her er bilete frå Vis og fortel. Dei må tale for seg sjølve, sidan underteikna ikkje var til stades då. Eg veit berre at Femke sine arbeid øverst her skal bli til gåver til slektningar i Nederland med kule namn!
Denne jenta er berre eit funn!







































Takk til Inger Karin for bileta!

Elin.