Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 3. mai 2017

SYHELG 12, 13 OG 14 MAI

Kom ilag og sy heile eller delar av helga. Du bestemmer kva du vil sy, men det er kjekt viss du blir med på det vi har planlagt.

Fredag startar vi kl 18.00. Ta gjerne med ei UFO eller to.
Laurdag startar vi kl 10.00 Kari held kurs i Pineapple blossom.
Søndag startar vi kl !0.00. Sy det du vil.

Det blir lotteri, vis og fortell alle tre dagane.
Vi lagar til fellesmåltid kvar dag der vi set all maten på eit bord. Ta med eit fat med mat den/dei dagane du er med.      Styret ordnar med kaker.

Pineapple Blossom:
For å sy ei blokk treng du:
5 stk 4,5x4,5" kvitt stoff
2 stk 2,5x2,5"
4 stk 2,5x8,5"
2 stk 2,5x12,5"
Viktig med kontrast! Kan bruke svarte-mørke eller kvite firkanter.
Kan bruke Jellyroll viss du ikkje har restestoff ;)

Her skulle det ha vore eit bilde eller to, men har litt datatrøbbel i dag. Prøvar å legge bilde ut på FBgruppa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar