Gamlebloggen

onsdag 12. desember 2018

Jubileumsfest på Gloppebua!


Det vart ein særs triveleg kveld då klubben arrangerte jubileumsfest på Gloppebua!
Maten var levert frå Kleppeneset, det smakte fortreffeleg!
Styret hadde pynta veldig fint, og alle Svanhild sine eldre juledukar fekk plass under tallerknane!
Dei hadde også hengt opp ei lita utstilling av gamle kviltar.
Leiar Svanhild leia kvelden med stø hand. Kari S. hadde eit flott kåseri om klubben si historie. Ho var den første leiaren i klubben. 

(når bloggskrivar finn att kladden, blir det meir frå dette kåseriet....)

Elevar frå Firda tok del med fin musikk, og Kari E. heldt eit morosamt kåseri om hobbyen vår. Grethe hadde laga ein artig powerpoint-presentasjon med gamle bilete. Slikt er berre gull!

I det heile var det svært fint laga til, så all honnør til styret!



















Vis og fortel
























   God jul til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar