Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 4. juni 2021

Oppdatering på forespørselen i forige blogg-post

Vi hadde ei flott avslutning av eit annleis sy-år på Ryggjaøyra. Det kjem blogginnlegg om dette snart. Men her er ein kopi av det som står på Facebooksida vår vedrørande forespørselen vi fekk frå Hyen, les forige bloggpost:


 Etter sommaravslutningsmøtet igår kveld, der vi diskuterte evt. deltaking i prosjektet til Ragnhild Hope Birkeland, sende eg henne dei spørsmåla vi hadde igår kveld, og fekk følgjande svar idag: «Hei!

Takk for at de tek dette opp til vurdering!
I utgangspunktet hadde eg sett føre meg å sy saman teppet i slutten av juli. (Frå august til desember har eg mest truleg ikkje tilgong på symaskin). Men om det blir knapt med tid, so kan vi godt utvide og seie i løpet av hausten. I so fall syr eg saman teppet på nyåret, og tilpassar dei planlagde videoane/bileta ut ifrå det. Kva passar best for dykk: midten/slutten av juli eller i løpet av hausten?
Når det kjem til tal på blokker, har eg ikkje noko minimum. Storleiken på teppet blir bestemt ut frå kor mange blokker som kjem inn. Om det likevel skulle bli litt for få blokker til eit lite teppe, so fyller eg på med nokre eg lagar sjølv.
Spent på å høyre kva de tenkjer!
Beste helsing
Ragnhild»
Då kan vi vel melde tilbake at det passar best i løpet av hausten, slik eg oppfatta stemninga. Så hvis dei som har lyst å vere med gjev ei tibakemelding til meg, skal eg melde vidare til Ragnhild.
Else


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar