Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 8. mars 2023

 Ei utfordring frå Janne som klubben har sagt ja til!

Vi syr enkle toalettvesker og sender til Krisesenteret i Florø. Vi bestemte å sy kvar for oss! Frist for å levere til Janne er 15 mai! 

Kurskveld med @syoddny

Kurskveld med @syoddny var veldig kjekt! Stor takk for grundig og flott instruksjon  av "Jelly roll quilts" ved hjelp av eit kantebandsapparat (skråbandhaldar). 

Spennande å lære noko nytt! Ho hadde med seg nokre modellar, og dei ser du her! Håpar mange har kasta seg på teknikken,  og tek med seg det dei har laga til "Vis og fortel" 12. april!

  



 Denne runde duken kjem frå Fantasi. Trur det er Inger Øvrebø som har sydd denne!



Så nokre bilete frå "Vis og fortel"! Såå mykje flott!!


Solveig med flotte produkt, produktiv som alltid! 



 

Sommarfuglteppet til Marit! Nydeleg!


 

Anna syr alltid noko som ho kan ta med og vise på "Vis og fortel! Imponerande! 


 Torill kosar seg med handsaum. Flott julestjerne!

 

Annlaug syr tøffe toalettvesker! Så hadde ho teke med seg ei korg som var sydd saman av tynne snorer! Ho hadde kjøpt denne, men det er same teknikk som Synnøve viste oss. 



 

Janne ligg heller ikkje på latsida, her har ho sydd Ipadhaldar og ei tøff toalettveske. 


  

                  Nydeleg løpar som Anne sydde på kurs på Trapp Ned. 

Svanhild har sydd enkle og flotte vårbrikker.                Her ser vi @syoddny med                                                                                                                         ein lekker løpar!





 

Flott rund brikke som Marie har sydd og enkle bordbrikker. Kanskje ein klubbaktivitet? 




           Ho viste og ein løpar i nydelege blåfargar. 



tirsdag 28. februar 2023

Eit lite tips når du skal sy stoffremser på onsdag: 

Lurt å bruke stoffklyper! Men det går med nåler og! 😊

Har du ikkje slike klyper? Ikkje noko problem! Marie har med stoffklyper frå FANTASI,  som du kan få kjøpe. 



lørdag 25. februar 2023

 Velkommen til klubbsamling onsdag 1. mars kl. 18.00 på GU


Synnøve Oddny Torheim (@syoddny) vil vise oss ein teknikk der vi syr korger, brikker, matter eller vesker av remser ved hjelp av ein skråbandhaldar. Dei som var på juleavslutninga på Fantasi,  hugsar sikkert den flotte veska ho har laga i denne teknikken. Her ser de og eit bilete av korga som Inger har laga i same teknikk.



Marie tek med skråbandhaldarar som du kan få kjøpe. Den kostar kr. 139. 
Ho tek og med vatt til å ha inni stoffremsene. Det er ein spesialvatt til bruk i for denne teknikken, men har du platevatt kan du gjerne bruke det. 

Du tek med stoff og tråd som passar til det du vil sy og evt. platevatt (bordvatt). Kanskje ei lite korg til påskegodtet? 😊 Om du ikkje vil ta med di eiga symaskin, kan du få låne på GU. 

Elles blir det vanleg innhald med "Vis og fortel" , mat/kaffi og loddsal.

Om du ikkje ynskjer å sy noko av dette, håpar vi du kjem likevel!😊

Så vel møtt quiltedamer til ein kjekke  og inspirerande kveld! 

 Nokre bilete frå "Vis og fortel" på årsmøtet onsdag 25.01.




                                                        Nydeleg teppe laga av Else!

                                                      Desse tre flotte posane er laga av Inger G.



                                                      Annlaug har sydd ein lekker vinterløpar!

   

Og underteikna får aldri nok av å sy skinnvesker!

tirsdag 31. januar 2023

Klubbsamlinga 1. februar

 Etter ynskje frå medlemmene på årsmøtet, går samlinga i februar ut! Vi møtest igjen onsdag 1. mars. 

lørdag 21. januar 2023

 Årsmelding for 2022

Håpar alle les gjennom årsmeldinga for klubben før årsmøtet onsdag 25.01. kl. 18.00. Sendt på epost i dag! 

God helg til quiltedamene