Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 28. september 2022

Hei igjen!
Har lagt dette ut på facebooksida til klubben! Fint hvis alle deler innlegget! 

Hei alle syglade i Gloppen😀😊

Har du lyst til å sy ei toalettveske eller eit nett på ein kveld? Då er du velkommen til klubbsamlinga vår onsdag 5.10 kl. 18.00 på Gloppen ungdomskule. Marie og resten av klubbgjengen stiller opp med kyndig hjelp! Du treng ikkje vere medlem i klubben, det er berre å møte opp, men hugs å ta med deg symaskin og litt stoff. Gjenbruk er heil innanfor! Greit for oss å vite kor mange som kjem, så send Marie ei melding på 95798355 innan tysdag 4.10. (medlemmane treng ikkje melde seg på!) Då gledar vi oss til å sjå deg på GU den 5. oktober! 🤩Helsing oss i klubben. Vi set stor pris på at du deler invitasjonen!👌



mandag 26. september 2022

Kurs i Mini- curverlinjal  m/Marie, onsdag 28.09 kl. 17.00 på GU.

Dette treng du å ta med: 
*Lyst eller mørkt stoff til bakgrunn. Storleik på stoffet vel du sjølv, alt etter kva du vil sy.
*4-5 stoff,  a 30 cm i  lyse eller mørke nyansar. Vil  du sy mønsteret i lyse nyansar, vel du ein mørk/mørkare bakgrunn. 
Eg forstår det slik at nokre av dykk allereie har kjøpt inn linjal. Til dei som ikkje har kjøpt: Marie tek med nokre linjalar frå Fantasi som du evt. kan få kjøpe. 


Det blir pause med kaffi/te og noko å bite i!
Vel møtt til ein spennande kurskveld!


søndag 11. september 2022


Kven tek med seg kaffi og noko å bite i til klubbkveldane hausten 22?


Det blir desse damene😀 

Onsdag 5. oktober: Else Gimmestad og Inger Gimmestad

Onsdag 2. november: Torill Rygg og Solveig Lunde

Onsdag 7. desember: Else Pernille Eide og Solbjørg Ulvestad







DET BLIR: 

Kurs i Curverlinjal m/Marie 28. september. 
Tid: 17-22 på GU. 
Om du vil vere med, send melding til Marianne 95180259, innan den 20 september!

 Klubbkveld onsdag 7. september

10 quiltedamer kosa seg med sying, kaker og kaffi og ikkje minst godt søje! 😊Vi gjekk heim att med forhåpentlegvis mykje inspirasjon til nye prosjekt, spesielt etter runden med "Vis og fortel". Her kjem bileta! 



Kari sine flotte toalettvesker!



Marit har sydd eit nydeleg teppe til konfirmasjonen til barnebarnet!+ flotte puter til drivhuset sitt!  






Elin i gang med stitchery! Blir spennande å sjå det ferdig, Elin!


Solveig har sydd kjekke toalettvesker, nydeleg juleteppe og løpar! Produktiv dame! :)



fredag 2. september 2022

 Hei igjen!

September er her igjen,  og det betyr samling for ivrige quiltedamer! Vi samlast på Gloppen ungdomskule som vanleg kl. 18.00,  onsdag 7. september.  Vi informerer litt om planane framover,  og elles blir det tradisjonelt opplegg! Du har kanskje sydd litt i sommar? Ta med og vis og fortel!

Reidun og Marianne ordnar med kaffimat!

Helsing styret v/Marianne