Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 21. januar 2018

Kurshelg!

 Denne helga har vi hatt ei inspirerande og lærerik kurshelg med Helle Løvenskiold. Helle er ein svært erfaren kurshaldar, som har svar på alt.
Kviltevitaminer i lange baner...

Learning Curve Ruler var tema, sjå tidlegare blogginnlegg.
Med denne veldig enkle linjalen kan ein trylle fram dei lekraste blokker.

Fantasi var med og hjalp dei som hadde for lite stoff. Så heldige vi er som har denne flotte butikken!

Takk til styret for eit svært godt og kjekt arrangement!


Helle med modellane sine.






Fornøgde gloppetauser!














fredag 19. januar 2018

GLQ vedtekter.

Kanskje nokon er interesserte i vedtektene til klubben, dei finn du her.

onsdag 17. januar 2018

Årsmøte!

Innkalling til årsmøte Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Onsdag 7. februar er det årsmøte
i Formingssalen på Gloppen Ungdomsskule kl 18.00


Saker til årsmøtet må sendes til leder på e-post senest
1 uke før årsmøtet, sendes til rei.mid@online.no


Vel møtt


Bloggen sin logo


Medlemsmøtet i januar.

Klubb-aktivitet

Prosjekt hjarteputer til brystkreftopererte. 
Annlaug fekk ideen frå si tyske veninne. Desse putene skal fungere bra under armen.
Medlemmane sydde puter på dette møtet, og dei blir leverte til Førde sentralsjukehus, som gjerne ville prøve det ut.




Vis og fortel

Grethe


 Annfrid


Inger Karin



Henny

Kari E.

Garlic knot, kvitløksknute, heiter dette mønsteret. Restesying, 2 inch bitar/lengder.



Row by row, samsying, startar onsdag 17. jan.


torsdag 4. januar 2018

DAGENS HJERTESUKK

No må eg komme med eit hjertesukk. Vi skal ha kurs med Helle Løvenskiold 19-21 januar. Problemet er at det ikkje er so månge som har meldt seg på. Det er leit syns vi som har jobba for å få dama på plass. Det er ei flott dame å gå påkurs med! Eg forstår at det ikkje kan passe for alle, men at so få har meldt seg på undrar meg........ Ifølge spørreskjemaet som dokke svarte på var ho ein av dei som dokke ville ha. No har dokke sjansen. Til info er det for seint å avbestille ho. so kurset kjem vi til å ha, men vi kjem nok til å gå i minus. So eg håpar fleire no svingar seg rundt og melder seg på. Vi har opna opp for at ikkjemedlemar kan melde seg på og i håp om at vi får fullt på kurset.

                                                                                                     Margrethe

MEDLEMSMØTE 10 JANUAR

På onsdag skal vi sy ei hjertepute til dei som er brystkreftopererte. Denne puta viste Annlaug oss på eit tidligare medlemsmøte.

Stoff 70x50 cm
merkepenn/blyant
putevatt/fyllvatt
elles so treng du symaskin og vanlige sysaker, sytråd, synål(handsaum)

Stoffet må vere vaska på førehand.

Då håpar eg månge møter opp og syr til ei god sak!

VEL MØTT!