Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 5. mars 2015

Marsmøtet 2015


Lange Damer i lange baner

Det har vore Tilda-kurs i klubben, og her er nokre av produkta!







Annfrid hadde også med denne stilige høna!


Varierte damer med hatt og ryggen til!


Grethe M. viste fram denne ufoen. Ho har laga minst 8 slike bilete i samband med eit treff/reunion.
Alle mottakarane blei glade.
Klubben hadde kurs i dette for mange år sidan, Lillian Nygård var lærar. 




AnnaKa sine hus i stableteknikk (Buggy Barn-stil) og broderi. Dette teppet er berre heilt nydeleg, sjølv om det ikkje er heilt likt originalen.
Svanhild er meister for dette.




Inger har laga ein unik pose! Her har ho brukt avispapirteknikken, gamle scraps. Deretter har ho boltra seg med stoppefoten og frihandskvilting, med berre eit bomullsstykke bak. Utruleg verknadsfullt!


Marie har sydd denne fine "veska" frå Northern Quilts...


.... og desse fine reiseeffektane frå My Quilt.


Denne veska til Marie blei vist på februarmøtet og. Ho har spraya henne med impregnering. Smart!



 Fine posar, var det Solveig sine?


Vinterløpar med vårfornemmelsar...


Nydeleg vognteppe, Grethe M.

Jul i januar/februar, ja kvifor ikkje?
Marit har bestemt seg for å vere tidleg ute dette året, og har trylla fram dei nydelegaste ting, som ho pleier.


Tri-recs-linjalen.





Kari sin mysteriekvilt (Bonni Hunter anno 2014). 





Kveldens klubbaktivitet.



Klubbaktivitet etter påske!

Kari har sett igong blokkbytte-sying. Håpar rett mange blir med på denne moroa. 


søndag 1. mars 2015

Klubbaktivitet første onsdagen i mars!


Velkomne til klubbmøte i mars. Om du vil vere med å sy desse brikkene til Jorunn, må du ta med deg symaskin, 2 - 5 stoff, vlisofix, BAKSTYKKESTOFF og sytråd til overkasting.