Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 4. desember 2016

Julemøtet på Gloppen Hotell!

Lappe- og quilteklubben hadde juleavslutning på ærverdige Gloppen Hotell, siste onsdagen i november. Vi fekk servert nydeleg buffet og dessert, og vi fekk foredrag av Ove Eide om historia til Gloppen Hotell. Han har nyleg gitt ut ei bok om dette, Laks, lordar og lokalmat.

 Vidare var det vis og fortel som mellom anna bar preg av jul, kurs med Randi Røys og ein klubbaktivitet vi kalla cross-cut-metoden. Gåveutdeling var det og. 

Bileta under får tale for seg, det er utruleg god aktivitet og dyktige medlemmar i klubben!