Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 21. september 2014

Kurs i oktober!

Kurset med Marie i crazy quilt blir

onsdag 15. oktober.

onsdag 22. oktober. Meld dykk på!

 

mandag 8. september 2014

Dongeryveske kurs 6. og 7. september .

Ei herleg helg er over,der eg, Liv lærte 7 kreative og kjekke damer å sy vesker av dongery.
Her får det sjå litt av det som blei sydd denne helga.


Kjekk å ha med seg i ung jente på 20 år, som er veldig kreativ. Håper dette kan inspirere andre ungdommar til å bli med.


Det er som sagt berre fantasien som set grenser. Om ei stund vil nok  jenta har Sjukepleierhøgskulen i Førde si sprekaste veske. Vi ventar i spenning til den er ferdig.

Kari si veske blei slik. Ho har quilta med mønster på ein del av veska, som gjev stivare veske og ikkje minst ser det ut som det er eit heilt anna stoff som blir brukt.



Og inni veska har Kari så godt som heile verda. Stiligt stoff, som gjer veska heilt spesiell.
Då ho var ferdig med denne, begynte ho like godt på ei til.


Margrethe kosa seg veldig og kunne sikkert ha overnatta på ungdomskulen:)
Ho har brukt ein del av ei nupperelle brikke å pynta med +merker og har minst 3 lommer utanpå veska. Ellers har ho nytta seg av stilige svigermors veskehanker.

                                           Her ser dåke andre sida, der lommene er pynten.

Og inni veska pynta ho ,og, så den burde eigentleg vore vendbar.
Og så måtte ho sy deg ein sminkepung. Blir nok å sjå på neste klubbkveld, den og.


Endå ei kreative dame, som har like mykje dilla på pynt og  knappar som Liv.
Blir spennande å sjå det ferdige resultatet.


Solveig kom med ei superfin bukse, der lommene var så flotte, at det ikkje behøvde å pyntast noko særleg meir.


Og eit nydeleg stoff frå Ronny Rør, sette prikken over ien inni veska ,når den blei fora.
Hankene har ho nok laga til neste klubbkveld, så då får vi sjå det ferdige resultatet.
Same modell, men så ulike og med personleg preg. Flott!

På 12 timar kan dei fleste bli ferdig med denne modellen. Den største utfordringa er når ein syr veska saman og så skal sy i fòr og tilslutt lukkekant.
Gode maskiner er viktig.

Iallefall kjempekjekt å vera ilag med damene i helga, og så håpar eg det blir fleire vesker etterkvart. Enten denne modellen eller andre.:)

fredag 5. september 2014

Då var det resten frå Vis og fortel på klubbkvelden 3. september.
Nyt bilda av alle desse flotte produkta. Tenk så mange flinke DAMER i ein klubb, men, det kjem alltid eit men. Vi har plass til mange fleire damer og herrar om dei vil.:)

























Litt fleire bilder frå klubbkvelden 3. september.



Flott teppe laga av Inger.


Flotte pyntebrikker/kaffibrikker også Inger sine produkt.


Mug rugs.

                                        Sminkepunger av Margrethe sine kreative hender.



Toalaettveske som det blir kurskveld på, der alle må kjøpe mønster.

Flotte spisebrikker.


Trur dette buggybarn teppe er Laila som har sydd.

Svanhild sine flotte tepper.



Svanhild brukar alltid spisebrikker og lagar alltid 6 av kvar sort.  Alle like fine.


Nydelig løper.


onsdag 3. september 2014


Då fekk eg lasta ned nokre bilder til frå klubbkvelden 03.09 2014.



Grethe R. har sydd  denne posen og veska nedunder.


Grethe har også sydd dette flotte teppet, som ho har igjen å quilte. Flott med blått.


Nydeleg løpar sydd av ei av våre gjestedamer.
Kjempefine fargar.


Flott teppe. Kven som gøymer seg bak teppet er ein hemmlighet??





Solveig har sydd denne flotte toalettveska, som Marie vil veilede oss på ein kveld seinare i haust.


Mobiletui, også sydd av Solveig.


Forsettelse følger ..........