Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 4. juni 2020

Sommaravslutning 2020 (i koronaens tid)

Siste gongen lappeklubben var samla var i starten av mars. Ikkje trudde vi at det skulle bli ei ny samling før sommaren! Men på oppfordring av nokre medlemmar tok styret avgjerda om eit friluftsmøte med medbrakt niste og lett handarbeid/spøt. 
Det var svært kjekt og inspirerande å treffast att! Dette viser at vi bryr oss om kvarandre, og vil ha våre faste samlingar så lenge det er mogeleg. 
Vanlegvis avsluttar vi sesongen i mai. Svært mange av lappedamene er også ihuga hagedamer, og har hendene fulle på denne tida. 
Tin Camp i Trivselsskogen på Sandane er vel verd eit besøk. Det er eit imponerande anlegg! Om du er på desse kantar, sving av ved skiltet til Trivselsskogen, køyr nokre meter til stor parkeringsplass, og gå ein lettare bakke opp til anlegget (10 min). 






VIS OG FORTEL


Kari viser fram sitt strikka sitjeunderlag. Generøst deler ho oppskrifta si på facebooksida vår, til glede for fleire enn medlemmane våre. Tusen takk Kari! 
Oppskrifta ligg også under her.
Vi veit at lappedamer og hagedamer også er strikkedamer! Vi er priviligerte som har desse hobbyane!


Sitteunderlag av restegarn. Bredde er 10 masker- bruk dobbelt garn! Innerste er 9 riller så 17 riller på neste. Sy stramt sammen dobbelt både på fram og baksiden. Rundt blomsten er det 65 riller.


Bonnie Hunter har hatt gåande ein samsy i koronaens tid, kalla Unity Quilt? Kari syr alle prosjekta som Bonnie lyser ut! Spesielt med denne er at det er forma som ein Medallion. Kari finn alltid ny kunnskap vedrørande teknikkar når ho syr desse teppa.




Alle plantane eg tok livet av? Dette mønsteret stod i Quiltemagasinet, og skaparen her er Svanhild.




Med inspirasjon herifrå og derifrå blei dette teppet fantastisk!


Toalettveske (Solveig)

Solveig, som gjekk ut av styret i vinter, tok utfordringa å lage noko nytt å ha lodd-utstyret i. Korga vi har brukt i alle år, kan no få pause.


Koppeveske frå My Quilt (Annlaug)


Duppedittveske

Glasunderlag, liknar på gamle vinylsingleplater, skikkeleg retro!


Annlaug har sydd dette nydelege teppe med bua former, alt er restestoff!




Timotei sine mønstre har vore populære, og det dukkar stadig opp både høner og løparar frå medlemmane som var til stades på dei klubbkveldane dette var tema.


Leiaren vår, Marit, syr til barnebarna. Her eit flott koseteppe til ein av gutane, sydd av panelstoff.



  Veskekurv til ei av jentene (her skal kome meir overraskingar inni).

 Hagestolteppe

 Grethe viste fram fleire inspirerande produkt!



Her har ho vore på jellyroll-race!


Damene studerer! Spørsmålet var det kvite stoffet, nokon som kan hjelpe Grethe med 30 cm av dette stoffet, som truleg er utgått forlengst? Kvite rundingar på kvitt...
Dette er eit Gulliksen Moe-design.



Marie si veske frå My Quilt, design AnnaKa, bruk av diamantlinjalen. Stor og flott veske med sneisne detaljar frå Fantasi!



Lappetausa har hatt sypause sidan koronautbrotet (eller sidan strikkefestivalen på Eid helga før 12. mars). No går det mest i strikking og strikkepodcastar på Youtube...
Denne kofta er nylaga og fekk sin debut denne kvelden, Loppa av Ann Myhre (Pinneguri), strikka i Ask frå Hillesvåg, kjøpt på Fantasi sjølvsagt, og restar av finull mm. Namnet Loppa kjem av designet ovanfrå og ned, då blir lusa til lopper...



Klubbens Grand old lady, vår kjære og inspirerande Anna, takkar som vanleg styret for å ha skipa i stand denne samlinga. Anna, du er gull!


DÅ ØNSKJER VI ALLE EIN FIN OG FRISK SOMMAR I VÅRT EIGE FERIELAND!