Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 7. oktober 2021

Nina på nett!

Nina Strandsplads er aktiv på fleire arenaer på nettet. Om du går på youtube og søker på knitquilter eller Den glade tråd, vil du finne mange timar med inspirasjon. Start med episode 1. Ho tek mest for seg strikking,men kombinerer ofte med patchwork,klesaum, broderi og you name it, ei svært erfaren og kreativ dame!


 https://youtube.com/user/Knitquilter



Klubbmøtet i oktober

 Her er bilete frå møtet vi hadde 3 dagar etter kurset:





















Kurset

 Det var ei svært kjekk og god helg med Nina! Her kjem først nokre bilete frå kurset.

Nokre av Nina sine modellar











Kva nokre av oss helt på med:





















søndag 3. oktober 2021

Medlemsmøte 6. oktober

 Medlemsmøte onsd. 6. okt kl. 18 på GU.

    Nå er det tett mellom høydepunktene!  Mange av oss har vært på "sommerfugl-kurs" i helga.  Nina Strandplads, inspirerende og god kursholder, lærte oss en logisk og lettvint (litt) måte å sy papirsøm.  Ikke tenk for mye, bare følg de enkle reglene mine, sa dama.  Og det gikk faktisk stort sett bra!  Det var sommerfugler, store og små, som var tema, men teknikken kan brukes på mange måter og motiver.  Og nå er det altså medlemsmøte.  Kurset blir selvfølgelig tema, og ellers vil Marie komme med litt sømtekniske  triks - spesielt med tanke på å få sømmonn til å ligge fint og unngå tykke klumper der mange sømmer møtes.  Sannsynligvis har flere av medlemmene våre litt å bidra med i så måte.  Kari luftet tanken om restefest sist, altså bytte av stoff.  Det vil vi prøve, men kanskje vi må avtale først hva slags ramme vi skal ha rundt dette.  Så går stjerneteppe-prosjektet vårt sin gang - det er helt sikkert plass til flere stjerner!
    Ta med mat og drikke til eget bruk.  Selv om landet er åpent igjen, tenker vi det fortsatt er på sin plass å være litt forsiktig.  Og lotteriet blir det som vanlig også.  Da håper jeg vi sees.
Hilsen styret v. Marit.

søndag 26. september 2021

Kurs i sying på papir

 Då har vi sendt ut mail til alle påmelde til kurset komande helg, 2. og 3. oktober. Dersom du likevel ikkje har motteke denne mailen med materialliste og praktiske opplysningar, må du vere god å gje beskjed!

No gledar vi oss til kurs!




torsdag 2. september 2021

Septembermøtet

Då har klubben hatt sin første medlemskveld for hausten. Frammøtet var etter forholda godt, og praten og inspirasjonen var veldig bra!

Ein held fast på møtetid første onsdag i kvar månad, om du ikkje høyrer noko anna!

Det blir forhåpentlegvis kurs med Nina Strandplats laurdag 2. og søndag 3. oktober. Det er ikkje lenge til, så no bed vi om at folk straks tek kontakt med styret og melder seg på. Det var allereie god respons på møtet, så vi håpar verkeleg at vi får til kurs denne gongen!
Kurset er papirsaum på lure måtar, av ei dame som er skikkeleg proff!
Du kan bli betre kjend med henne på Youtube-kanalen Den glade tråd og andre stader på sosiale media.

Ikkje-medlemmar frå Gloppen og frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb er velkomne til å setje seg på venteliste, og dei får kurset til medlemspris. Slå den!
Ein tek det som sjølvsagt at alle er fullvaksinerte mot korona!

Medlemmane får tilsendt info på mail, og så blir det hengt opp info på butikken Fantasi på Sandane, andre kan be om meir info frå underteikna, Elin, eller frå ei i styret (sjå venstre marg).

Når det gjeld stjerneblokker som er omtala under forige innlegg frå Marit, så er det berre å sy i veg, vi har hausten på oss, men kanskje det er først best....


Her kjem ein biletkavalkade, litt vis og fortel og litt aktivitetar.  
(Bileta er uredigerte direkte frå dårleg mobilkamera, sorry!)