Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 17. juni 2022

Hei quiltedamer

No har styret laga plan for hausten! Håpar den fell i smak! :) 


Plan for Gloppen quilteklubb hausten 22 

Laurdag 3. september 

 

 

Klubbtur til Trapp Ned i Førde. Marit viser oss nytt på quiltefronten. Høve til å kjøpe stoff og utstyr. Servering av suppe og kaffi 

Avreise: Kl. 10.30 frå Firda Bilag Påmelding til Marianne innan 15. august.  

Tidsramme: Frå 12-16  

Onsdag 7. september  

Vanleg klubbkveld!  

Nærare informasjon om planane våre mm. 

Onsdag 28. september 

Kurs i Curverlinjal m/Marie. 

Tid: 17-22 på GU. 

Onsdag 5. oktober 

Sy ei toalettmappe eller eit nett på ein kveld!” Vi inviterer også  syinteresserte som ikkje er medlemmar i klubben! Kl. 18.00-22.00 

Onsdag 2. november 

Vi syr i dongeri! v/Marie 

Onsdag 7. desember 

Klubbkveld på Fantasi. Vi syr juleting! Høve til å kjøpe stoff og utstyr! 

Klubbkveldane startar som før, kl. 18.00 på GU! Så minner vi om:  

Vestlandstreff i Molde 21. oktober. Har nokon lyst til å reise, så er påmelding 30. juni på nettsida til treffet.  

For syglade medlemmar minner vi om syhelg i Runnevang 23.-25. september. Påmelding til Fantasi! 

Turen til Vågsøy blir i mai 23, om det passar for Henny! :) Veldig kjekt om vi kunne få dette til! Turen blir då siste samlinga før ferien.  

Riktig god sommar til alle! Helsing oss i styret v/Marianne