Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 28. november 2019

Informasjon om desembermøtet og litt om 2020.

Elin Torvik Grov sitt bilete.

Vel møtt til advents/jule-møtet onsdag 4. desember. Håpar du kan kome, uansett om du har vore med på møta i haust eller ikkje. 
Vi har hatt ein aktiv haust på møta våre, slik at denne gongen tek du berre med din eigen aktivitet, ditt gode humør, ein pakke til ca. 100 kr (ikkje over). Flott om du har med inspirasjon til Vis og fortel!

Løparen på biletet har underteikna laga etter Timotei sitt mønster, August. Denne gongen er det skrappy julestoff.


 På januarmøtet vårt den 8. januar skal Inger ha denne løparen som aktivitet. Vi har avtale med Timotei (Rannveig Vangen) om kjøp av mønster. Klubben sponsar halvparten, så dei som vil lage løparen, betaler 30 kr til Inger denne kvelden. Løparen er nydeleg i blått, som Timotei sin original, men kan lagast i alle fargar sjølvsagt. Det er ikkje sikkert at alle treng symaskin, då det går litt tid til kutting og planlegging, men dette avgjer du sjølv. 


Årsmøtet blir onsdag 5. februar.


Det vert Vestlandstreff i Molde 9. til 11. oktober. Det hadde vore kjempekjekt om vi kunne reise ein gjeng frå klubben vår! Sjå lenkje her.


Storkurset i klubben vår i 2020 blir 13. til 15. november. Då kjem Andre Wallenborg! Meir info seinare, men set av helga i kalenderen!

tirsdag 12. november 2019

Klubbmøte i november!

Første onsdagen i november hadde vi Ingunn på besøk. Ho er "still going strong", rett frå jobb på Primula. Vi hadde ein super kveld med masse god inspirasjon og god mat.

Ingunn sine modellar:







Marit sine prosjekt frå kurset med Mali. Gratulerer med ferdigstilte og nydelege produkt!


Handlenettet frå oktobermøtet har fått lomme også.



Så bra at Janne har fått fingeren i orden igjen, og kan sy og skjere i veg...


Bunadssølv-oppbevaring med vri: rund pose til sølvbeltet!



Kari sine ting:




Svanhild sin produksjon:





Annlaug sitt gamle panelstoff blir til handlenett!



Solveig sin produksjon:




Elin sin produksjon:




Kari kom langt på prepping av krans!


Denne fann eg på Anna sin plass...


Stor veskekurv og strikkepinnepung, Elin.


Koseleg bilete av to gode damer!


Ingunn si Andre Wallenberg-veske. 
Har du lyst å lage ei slik?
No er mannen bestilt!


Else jobbar trottig på Row by Row, imponerande!



mandag 4. november 2019

Novembermøtet!


Elin Torvik Grov sitt bilete.


Velkomne til novembermøtet onsdag 6. nov.

Det vert vanlege aktivitetar, og Ingunn Vaksdal frå Primula Design på Eid kjem for å halde klubb-aktivitet. Dette er handsaum. 
Det blir spennande å sjå om ho også tek med seg freistingar frå butikken (dvs. stoffsnop).
Då håpar vi på god deltaking på møtet!


Ingunn skriv:

Hei dette er kva du treng til krans med blader stjerner og hjerter::.2stk stoff 5x4" som skal vrangsyast til eikeblad (12 blader i ulike stoff eller nokre kan væra like) + 1 bit bordvatt til kvart blad.Stoffbiter til stjerner 2.5x2.5 "til ca. 6-7 stk. + vatt Hjerter 3x3"ca 5-6 stk + vatt.1 metallring 30-32 cm.(Ingun har med 10 stk..) Småknapper 1cm til pynt ulike farger ,raude /brune ( ,matcher stoff)God tråd til fastsying på ring.Helsing Ingun
Dette er ein liten krans.Me lager ein større.Helsing Ingun