Søstre For Søstre
For de som ynskjer å sende pengar til utstyr i toalettveskene, så er kontonr. 125 462 388 98.
Vippsnr. : 135690
På samlinga i går informerte Janne om at Desiree`lappeteknikk som organiserer utsendingar av toalettmapper har gått tom for mapper.
Janne utfordrar medlemmene i klubben til å sy ein eller fleire mapper og levere til ho, så vidaresender ho til Desiree. Håpar vi blir mange som syr!! Storleik på mappene: 30x25 cm
Desiree kjøper inn det som skal ned i mappa, og det koster 250 kr. pr. mappe. Denne kontoen står pr. 4. januar på 600 kr. Her kan alle som vil bidra! Vippsnr. 135690
Her er link til facebookgruppa: https://www.facebook.com/groups/825925790855382/
Første samling i 2024, 10. januar
Vi var heile 17 medlemmer som møtte denne første samlinga i 2024! Kjempestart! 👏😁
Tema var UFO eller pågåande og nye prosjekt! God aktivitet og god "søje!"
Takk til kaffivertinnene, Elin og Else!👏
Liv Ingunn Holvik, som skal halde veskekurs, var innom og ga god informasjon om kurset ho skal ha for oss den 17. og 24. januar. Vi gledar oss!
Til inspirasjon........... frå Vis og fortel!
Toalettvesker til "Søstre for søstre"