Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 4. mars 2021

Marsmøtet del 2

 Så kjekt med quiltemøte igjen! Vi har ikkje vore i lag sidan november, og årsmøtet arrangerte vi på nett. Det gjekk veldig fint sidan sakene var grundig førebudde og sende ut i god tid. 

Vi har fått to "nye" i styret, velkomne til Laila og Marie! Ja, nye i hermeteikn, her i klubben vår er vi såpass få at desse verva går på rundgang,og folk må vere i styret fleire gonger. Det er ein flott dugnad!

Medlemskvelden blei særs hyggeleg, vi var 11 - 12 samla med god avstand. Mat og drikke hadde vi med sjølve, slik som i haust. Det er eigentleg veldig greitt!!

Om det er innanfor reglane blir det aprilmøte onsdag 7. april!

Vis og fortel

Her kjem ein biletkavalkade, og først ute er Solveig, som hadde mykje ferdiglaga å vise:














Aktiviteten denne kvelden:




Svanhild:



Marie:






Fantasi har dette fine mønsteret og linjalen som ein kan bruke, dette er sydd på maskin, men kan nok også passe godt som handsaum på strek.



Marie har besøkt Garnbutikken Fortuna på Løkken i Trøndelag. Sjekk lenkja over og sjå alt det fine mor og dotter Bergsrønning har å by på. Dei fargar masse fantastisk garn, og har ein kjekk youtubekanal også.


Else:



Elin:

Kari: Her er Restane etter Bonnie Hunter-mysteriet!