Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

lørdag 24. november 2018


Bilderesultat for landlig julepynt

Hei lappedamer!


Det går fort mot jubileumsfest! Den skal vere på Gloppebua 5.des. kl 18.00. Vi skal pynte tysdag kl 18.00,så då må dei som har noko "gamalt" syarbeid som de vil stille ut kome med det. Så skal vi få mat frå Kleppeneset,og dei vil ha antallet ei veke før, så det er bindande påmelding 28.nov. Medlemmane betalar kr 200,og klubben betalar resten.  Vi skal ha ymse programpostar og Vis og fortell. Ein kan ha med eit lite handarbeid om ein vil. Husk å ta med ei lita julegåve som er quilterelatert, pris 50-100 kr.

Påmelding til Svanhild, tlf: 90117846.

fredag 9. november 2018

Novembermøtet 2018

På novembermøtet blei det ei utmerking til Anna, vår eldste i klubben, som nyleg runda 85 år. 
Anna er ei utruleg vital, aktiv og flink dame, som vi alle har stor respekt for. 

Gratulerer med overstått gjebus, Anna!


Klubb-aktiviteten denne kvelden var juletre.




VIS OG FORTEL


Marit viste fram nokre svært flotte produkt denne kvelden! 







Alle stoffa blei brukte på begge sider, noko som ga ein flott effekt. Mønster og ide frå Kaffe Fassett.



Kombinasjon av korstingsbroderi og lappeteknikk. Så utruleg fint med den ramma!


Birminghamvesker


Jorunn syr mugrugs.



Annlaug sin løpar etter ide av Ingunn Vaksdal på Primula Design.




Annlaug sine "fossilar"

Desse blokkene sydde ho for svært lenge sidan, før klubben var starta, på kurs med Patricia Iden. No har ho funne dei fram og laga dei til fine puter til vinterhagen sin!






Fleire Ingunn-løparar. Bak står Solveig.








Solveig sitt bidrag til Teppe-aksjonen.


Svanhild sine løparar.



Katte-teppet til Svanhild.


søndag 4. november 2018

NOVEMBERMØTE

Hei alle saman! No er det snart novembermøte i klubben vår. Då skal vi sy juletre av typen de ser på bilda. Det ein treng ha med er:papir,blyant,papirsaks,stoffsaks,tråd,stoff(ein kan bruke 6forskjellige stoff viss ein vil,det er 6 stjerner) symaskin treng ikkje alle ha med,det kan ein låne med kvarandre. Så satsar vi på ein koseleg sykveld.





Ingen automatisk alternativ tekst tilgjengelig.
Bildet kan inneholde: innendørs
Ingen automatisk alternativ tekst tilgjengelig.