Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 9. mai 2019

Avslutning før sommaren!

Klubben vår har tradisjon for å avslutte i mai før sommaren. Mange av medlemmane er ihuga hageentusiastar i tillegg til å vere syentusiastar, og no er det tid for hage! Det vil seie, akkurat denne veka har det vore bitande kaldt, og det har vore betre å halde seg innandørs enn å grave i jorda og få naglebet...
Vi markerte sesongavslutninga i Langedalen, i den vidgjetne Busperrstøva. Sjekk ut lenkja i forige blogginnlegg.

Først nokre glimt frå utsida før folket kom. Nokre av styret hadde med kviltar som flagra i vinden, og som seinare fekk snøfnugg og råslag over seg...


Denne kua er heilt ny, ferdig dagen før. Dei andre som flagra i vinden er frå forskjellige tidsepokar.






Her er 2 BOMs frå Lappemakeriet, den første er sydd på strek.
Det er vemodig at Lappemakeriet har lagt ned. Minna er mange frå denne butikken på Bærums Verk i Lommedalen. 



Sylvia's Bridal Sampler er frå 2007. Mønster av Jennifer Chiaverini, frå nettet, seinare i bokform. Mange av blokkene er sydde på strek.







Men innahyses var det varmt og godt. Arbeidslyset var ok, i og med stort vindauge og solcellepanel.

Aktiviteten var sying på strek/på amerikansk. Meir om dette i forige blogginnlegg.
Dei fleste (kanskje alle)  laga seg malar og fekk førebu sommarsaumen. For nokre som ikkje har sydd på strek før, var det ekstra nyttig med litt vegleiing i teknikken.














Herleg bevertning!


Vis og fortel blei det også:

Først viser vi putene som høyrer til i hytta. Desse damene i klubben pluss ei til har sydd dei. Skikkeleg kule puter i røff råsaum!
















Dette teppet er sydd på avispapir (Kari-metoden), og det er berre så nydeleg. Synd at biletet ikkje er av beste kvalitet. 



Dei som hadde lyst og høve til det fekk gå ein liten tur til hyttene inne ved vatnet. Else har stor hytte der, og Inger har ei mindre hytte over naustet sitt.

På Sørstranda ligg dalane og kraftverka (!) på rekkje og rad. Perlene er uendelege. Men Langedalen er kanskje den finaste? 



På tur over Ormen Lange!




Hellene til denne muren har Else sjølv bore frå inste Breidalen. Tru kor mange vender ho måtte ha? 










Elin Torvik Grov sitt bilete.

Alle var samde om at det var ein veldig triveleg kveld. Takk til alle som tok del!

-Elin-