Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

lørdag 5. oktober 2019

Oktobermøtet 2019


Ekstra kjekt klubbmøte med besøk av gode naboar! Nordfjord Lappe- og Quilteklubb var inviterte, og dei stilte med heile 16 engasjerte damer, tusen takk for det!

Elles takk til alle medlemmane som var med å gjere denne klubbkvelden til ein fest!

Nederst i blogginnlegget ligg oppskrifta på det gode brødet vi fekk.



Fantasi var repressenterte med ein rikhaldig butikk. Det var kjekt å få vise fram litt av utvalet vi har her på Sandane!




Inger og Inger viste og fortalde litt frå QuiltCampen på Gardermoen. Dei hadde gått minst 3 kurs, Warmfolk, Sew Kind of Wonderful og Tula Pink.





Nye stoffpanel i butikken!


Tema for kvelden var handlenett og redesign, sjå forige blogginnlegg.











Ella har arva symaskin av ei oldemor!



Vis og fortel!

Mange viste fram handlenett av ny og gammal dato, mykje i redesign. Andre ting blei og viste fram, frå diverse kurs o.l. Her er eit miks av det som blei vist fram på vis og fortel.



Mariann har forkjærlighet for stokkroser. Nydeleg løpar!










Elna sitt nydelege Rebel-teppe!







Detaljar frå minneteppet til Anne Marie Holsvik. Heilt fantastisk!




Haldis har laga svært mange nett!







Dette teppet er frå eit linjalkurs med Ingunn.


Kurs med Helle Løvenskjold.




Synnøve er ei allsidig sydame, og elskar redesign!








Anna viser med rette stolt fram løparen ho sydde på kurset med Mali!





















Kari blei ferdig med klubbaktiviteten!







Og her er oppskrifta på Svanhild sitt gode brød:

GROVT NATRONBRØD

2 dl havregryn, 5 dl fin spelt, 1 dl linfrø, 1 dl rosiner, 1 dl grovhakka hasselnøtter, 1 ts natron, 1 ts salt, 4 dl kulturmjøllk, 1 dl tyttebærsyltetøy.

Bland alt, ha i form på 1,5 l, dekka med bakepapir. Steikast 1 time på 200 grader.
Lukke til!