Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 11. desember 2022

Juleavslutning i quilteklubben 7.12.22


Tusen takk til Inger Karin og Inger for ein flott kveld i butikken deira onsdag denne veka! 
Dei viste fram nydelege modellar av tepper som dei har sydd! Mange var laga materialpakker på, og nokre var månadsblokker som ein kan abonnere på. 

Vi fekk innføring i korleis sy korger, brikker eller matter av remser eller band ved hjelp av ein skråbandhaldar. Kanskje ein aktivitet i klubben på nyåret?
Alle fekk lage kvar sitt julekort, der vi stansa ut ulike figurar i stoff ved hjelp av ei stansemaskin. 
Vi  fekk 20 % avslag på julestoff denne kvelden (10 % rabatt til medlemmene heile året!!!), og ein del nytta høve til gode kjøp!


Styret serverte gløgg, småkaker og julebrød, vi opna julepakkar og hadde sjølsagt sett av tid til "Vis og fortel". Ein veldig kjekke kveld på Fantasi med andre ord!


Denne gangen skal bileta få tale for seg sjølv!

Nyt førjulstida som best de kan, og kos dåkke med bileta!
Vi sjåast igjen på årsmøtet som i år blir den 25. januar! Vi sender ut årsmøtepapira i god til før årsmøtet. Ei riktig god jul til alle!




























































 

søndag 27. november 2022

 Juleavslutning i quilteklubben

Velkommen til siste samling før jul på Fantasi,  onsdag 7. des. kl. 18-21!

Inger Karin vil fortelje om bedrifta og vise litt av det ho kan tilby. Mykje, mykje spennande der, det kan eg skrive under på!

Ta gjerne med handsaum! Har du gode idear om enkle ting vi kan sy til jul, så er det heilt supert om du tek med og viser! Så skal du ikkje sjå bort frå at styret i klubben og har noko på lur! 😃😃

Vi skal kose oss med gløgg og småkaker og godt "søje". 

Tradisjonen tru, så må alle ta med seg ei liten førjulspakke, der innhaldet skal handle om den kjekke og kreative hobbien vi har (til ca. 100 kr. ).

Så set vi stor pris på om du tek med deg noko til "Vis og fortel! 

Det blir og høve til å kjøpe stoff og ting og tang. 

Håpar du set av kvelden! Vi i styret blir veldig glad om du kjem! 👍😃


Helsing styret v/Marianne

fredag 4. november 2022

Quiltesamling 2. november 

Temaet denne kvelden var å sy i dongeri. 
11 quiltedamer møtte opp. Vi starta med å vise kvarandre noko av det vi hadde sydd i dongeri tidlegare. 

Ikkje alle sydde i dongerei denne kvelden, men håpar mange blei inspirert til å finne fram gamle dongeribukser og sleppe kreativiteten laus. Kanskje blir du inspirert,  når du ser desse bileta frå kvelden! 

Nokre av bileta er og frå den obligatoriske " Vis og fortel". Her var det mange flotte toalettvesker som blei sydde på forrige samling! 


Takk til damene som varta opp med nydelege kaker og kaffi! Det smaka fortreffeleg!😋😋
Siste samlinga dette året er på Fantasi. Nærare informasjon kjem når det nærmar seg.


Her ser du kva damene hadde teke med seg i dongeri heimanfrå: 

 

 

            

                                



                Her kjem litt frå "Vis og fortel":

Ingunn har sydd flott veske og toalettveske!



  

Her har Marie vore i sving! Nette og fine toalettvesker og ei stor veske som har fått eit plastbelegg på utsida og kanskje på innsida og? 




Må visst begynne å notere ned kven som har sydd kva... 
Er det du Annlaug som eig denne flotte posen? 



   

Toalettveske og flott pose som Henny har sydd.




Anna ligg heller ikkje på latsida. Må ha med seg noko til "Vis og fortel", tenkte ho og sette i gang. Kjempeflotte vesker,  Anna!




                                      Og kven var det som sydde denne flotte posen her? Else? 




   Marit syr og syr. Toalettveske og flotte puter! 
             Den eine til venstre er sydd med Mini curver linjal. 


 
                     Flott juleløpar og kaffibrikker laga av Anne.




                                                 

                           og her stod det stilt igjen! Marie???....  Kjempefine!



                                  
Marianne er snart ferdig med teppe til barnebarnet sitt! Ho heiter Ella, og bokstaven E er allereie brodert på. 



Og kva sydde vi av dongeri denne kvelden? Jau, flotte korger til ting og tang! Svært enkle å sy og kjekke "gje bort gåver" med noko oppi!

Solbjørg si korg.

  

                                Og her er Annlaug sitt verk. "Den 
                                          skal på hytta, sa ho, og fyllast med kortstokkar"
                                          Smart!


                 

    Ingunn si korg.                                               Marianne si julekorg.