Quiltesamling 2. november
Temaet denne kvelden var å sy i dongeri.
11 quiltedamer møtte opp. Vi starta med å vise kvarandre noko av det vi hadde sydd i dongeri tidlegare.
Ikkje alle sydde i dongerei denne kvelden, men håpar mange blei inspirert til å finne fram gamle dongeribukser og sleppe kreativiteten laus. Kanskje blir du inspirert, når du ser desse bileta frå kvelden!
Nokre av bileta er og frå den obligatoriske " Vis og fortel". Her var det mange flotte toalettvesker som blei sydde på forrige samling!
Takk til damene som varta opp med nydelege kaker og kaffi! Det smaka fortreffeleg!😋😋
Siste samlinga dette året er på Fantasi. Nærare informasjon kjem når det nærmar seg.
Her ser du kva damene hadde teke med seg i dongeri heimanfrå:
Her kjem litt frå "Vis og fortel":
Ingunn har sydd flott veske og toalettveske!
Her har Marie vore i sving! Nette og fine toalettvesker og ei stor veske som har fått eit plastbelegg på utsida og kanskje på innsida og?
Må visst begynne å notere ned kven som har sydd kva... Er det du Annlaug som eig denne flotte posen?
Toalettveske og flott pose som Henny har sydd.
Anna ligg heller ikkje på latsida. Må ha med seg noko til "Vis og fortel", tenkte ho og sette i gang. Kjempeflotte vesker, Anna!
Og kven var det som sydde denne flotte posen her? Else?
Marit syr og syr. Toalettveske og flotte puter!
Den eine til venstre er sydd med Mini curver linjal.
Flott juleløpar og kaffibrikker laga av Anne.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar