Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 30. september 2019

Oktobermøtet, info

Redesign - handlenett

Vi får besøk av Nordfjord Lappe- og Quilteklubb denne kvelden, og vi bur oss på ei litt større forsamling enn vanleg. Derfor møtast vi i kantina på Gloppen Ungdomsskule denne gongen.

Hovudinngong, ned ei trapp og inn til høgre...Onsdag 2. okt. kl. 18.
(det er bra med parkeringsplassar på nedsida av skulen, køyr forbi hotellet og ta opp stikkvegen til venstre). Ovanfor skulen ved Trivselshallen er det flust med parkering (då må du køyre vidare bort til Bunnpris og opp til venstre).

Vi håpar at mange tek med seg ting dei har laga tidlegare av type redesign, slik at vi kan ha ei utstilling på bardisken!

Vi får også besøk av Inger Karin på Fantasi, ho tek med stoff, mønster og andre nyheiter frå den rikhaldige butikken. Hugs at som medlem får du 10 prosent rabatt på stoff og kvilteutstyr!

Ved sida av vanlege aktivitetar som vis og fortel, lotteri og mat, er det høve å sy seg eit handlenett.
Du får nøye beskrivelse av framgangsmåten på eige ark. Malen får du teikne av på matpapir.
Dette handlenettet er klipt og sydd på ein snedig måte, der er ikkje så veldig mange saumar, så det går fint om 2 deler på 1 symaskin, for å seie det slik.

Viss du vil vere med på aktiviteten og vere eksta godt budd, gjer følgjande:

Eit stykke ytterstoff og eitt stykke forstoff, nytt, gammalt eller redesign: 120 x 50 cm (130 cm om du vil ha det litt større), stryke, brette dobbelt på tvers og på langs, slik at du har 2 folder.

Taggesaks er fint å ha, likeeins ein kvadratlinjal med vinkellinjer.
Symaskin (kan alliere seg med ei eller fleire).




Her er bilete frå Fantasi, teke på laurdag:

(om du ser noko på desse bileta du ønskjer Inger Karin skal ta med seg, går det an å sende henne ei melding om det!)



Nydelege motivstoff!


 Godt utval i By Annie-produkt, soft and stable, mønster, glidelåsar, veskeutstyr (hardware)




 Bra utval i Kona Cotton






 Dei trendy strykejarna og ikkje minst ull-stryke-underlaga (i fleire storleikar)




Fleire av Elisabeth Hartman sine mønster



Vi gleder oss, og  ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld i lag!

mandag 16. september 2019

Kurshelga!


 Her kjem førebels blogginnlegg. Først nokre av Mali sine modellar:







 Flower Shop-løpar. Om nokon har lyst å sy denne, kan ein kjøpe mønster hjå Modern Handcraft, her.

 Denne Pivot-quilten er laga "in reverse", og det er brukt eitt stormønstra stoff frå Ikea... verkeleg flott og artig!




Litt av arbeidet vårt:
















Yngste kursdeltakar: Ho er berre amazing, som dei seier der borte....