Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 6. desember 2019

Desembermøtet!

Då har klubben hatt sitt siste møte for dette året. Vi hadde ei koseleg økt med god mat, gløgg, god prat, vis og fortel og julegåvetrekking. Mange medlemmar som ikkje har kunne delteke så mykje i haust møtte fram. Det var veldig kjekt! Det var lukkekantsying og strikking i ein god miks!

Det blei også info om aktiviteten vi skal ha på møtet i januar. Kutteplan for løparen blir sendt ut på mail til alle som vil førebu seg på den, og bruke tida på møtet til sying.

Underteikna bloggar slit litt med innlegga. Grunnen til det er at eg har mista bilderedigeringsprogrammet, og då er det ikkje så motiverande å legge ut bilete. Men eg går ut frå at medlemmane set pris på innlegg uansett.

For dykk som er på Facebook: Eg prøver å legge ut litt inspirasjon kvar dag i adventstida (som ein kalender om du vil). Det hadde vore kjempekjekt om mange lagar nokre av tinga og legg ut på sida vår! Eg ser ikkje bort ifrå ein liten premie som kan trekkast når jula kjem, av dei som har lagt inn innlegg! Ver med då!

Her er altså ein miks av bilete frå kvelden vår.  Nederst finn du oppskrifta på islandsk krydderkake. Takk for den, Else Pernille!

Framleis god advent!

Mvh Elin.


















































ISLANDSK KRYDDERKAKE

3 dl havregryn
3 dl kveitemjøl
2,5 dl sukker
1 ss kakao
2 ts natron
2 ts malt kanel
1/2 ts malt nellik
1/2 ts malt ingefær
2,5 dl kulturmelk.
Slik gjer du:
Bland alt godt saman, gjerne natron i surmelk til slutt. ha i godt smurt (eller bakepapir) brødform. Steike på 180 grader, nederste rille, ca. 1 time. Godt smør og brunost er fint tilbehør!