Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 27. februar 2020

Aktivitet på marsmøtet!

Vi ønskjer velkomne til klubb-kveld første onsdag i mars, og håper at mange har høve til å kome.

Styret i klubben er klare på at klubbkveldane skal ha eitt eller anna tema i tillegg til vis og fortel.

Det som er viktig å poengtere, er at desse aktivitetane er frivillege, og ingen blir uglesedde om ein ikkje vil sy denne kvelden. Det er eit tilbod! Om du heller vil ta med eit påbegynt handarbeid, stitchery, handsaum eller spøt og "slappe av", men delta i søgjen og inspirasjonen, er det heilt OK!

Denne møtekvelden syr vi Høne Pøne av Timotei. Vi held fram samarbeidet/avtala  med henne, og klubben sponsar halve prisen. Vi kopierer opp mønster til alle medlemmane som vil ha, sjølv om dei ikkje syr på sjølve møtet!

Alle medlemmane får epost om kva ein treng å ha med, og med skjæremål, dersom ein vil gjere litt førearbeid. 

Else vil ta med stoff mm frå Fantasi, om nokon skulle ha lyst på noko nytt!

Produktbilde

mandag 24. februar 2020

Moda Block Heads

Jeanne Nowicki Sanders sitt bilete.

Lurer på om nokon har lyst å henge seg på ein avslappande og lite forpliktande sy-along?
Her er gratis mønster på blokker kvar veke, i fleire storleikar.
Det kunne jo vore artig om fleire var med, og ein kunne inspirere/hjelpe kvarandre på Vis og fortel på møta...
Eg er disponibel til å kopiere opp dei informative mønstrene om du ikkje gjer det sjølv.
Noko å tenke på til marsmøtet....
Klikk deg inn på linken under her.
Moda Blockheads III 20202

https://bearcreekquiltingcompany.com/moda-blockheads-iii-2020/

Helsing Elin.

mandag 10. februar 2020

Februarmøtet

Det var  årsmøte  denne kvelden, og det gjekk raskt og greitt unna. Vi hadde godt frammøte, og god bevertning. Stemninga var og god!
3 damer gjekk ut av styret, Svanhild, Solveig og Solbjørg. Dei nye som kom inn er Annlaug, Else og Marit, varm velkomst til dei!  Dei som gjekk ut blei takka av med kvar sin nydelege orkide. Dei har lagt ned ein svært god jobb i styret!

Ein merknad som kom fram var bruken av Vipps, noko som slett ikkje er gratis for lag og organisasjonar. Vi blei derfor einige om å behalde Vippsen, MEN oppmode medlemmane om å bruke vanleg nettbank som hovudbetalingsstad. Då sparer klubben pengar.

 KURS:
Det blei informert om storkurset vi skal ha i november med Andre Wallenborg. Dei som ikkje var til stades kan få denne infoen når dei møter opp i mars. 
Set av datoane 13. til 15. november!

Når det nye styret kjem saman og konstituerer seg, set vi også opp datoar for dei populære sylaurdagane (ikkje populære i form av mengda oppmøtte, men av tilbakemeldingane for dei som har vore til stades 👌)

OBS OBS, sjekk lenkjene under Vis og fortel, lengst nede på blogginnlegget. Det er noko eg har lagt ut på Facebook, og som ikkje alle har tilgang til. 

Vis og fortel:

Det blei vist fram mange fine ting. Else hadde fått heilt ferdig Row by Row, eit utruleg fint prosjekt, og svært arbeidskrevande (veit underteikna, som har laga 4 rader ca.😃)
Annlaug hadde starta på juleproduksjonen, og laga mange fine ting.
Fleire viste fram nye løparar, både August-løparen av Timotei frå januarmøtet, og andre løparar. Toalettvesker blei og vist fram.








































For dei som ikkje er på Facebook!

Lenkjer som eg har publisert på Facebook i det siste:

https://www.youtube.com/watch?v=ET3IpIDq02o&feature=youtu.be&fbclid=IwAR21HObn360UfOwg5AwseMyj7W6SQMRhd08ehjmZNGaqa6N04PEGzm-YbfY

 Korleis lage glidelåslomme på veske:


Korleis få fine glidelåsendar på toalettveskene:





Trafikk-kork-teppet til Pat Sloan: resteteppe!
God fornøyelse!



Pat sloan traffic jam button sm


Helsing Elin.