Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

lørdag 31. mars 2018

Sy ein krans

Onsdag 4- april er vi so heldige at vi skal få lære å sy kransane som Rianne syr. Det du treng er to forskjellige stoff på minst 35 cm kvar x 110 cm og 50 cm vlisofix, symaskin og sysaker.

fredag 9. mars 2018

Marsmøtet 2018

Vis og fortel


Frå kurset til Helle: Kari E.
Dette teppet er heilt fantastisk fint! 



Frå kurset til Helle: Elin




Elin: "Moderne Mormor", ein BOM frå Northern Quilts og Helene Juul. For det meste Kona einsfarga og nokre stoff frå Lotta Jansdotter. Kvilta heime med stoppefoten.


Frå kurs med Nina Strandplass på Eid: Elin



Elin: City Sampler, samsying på Facebookgruppa Moderne Skandinaviske Quiltere.
Boka til Tula Pink finn du her.
Sydd og kvilta på heimemaskin av Elin.

Begge dei store teppa har kult bakstykke med tekst og tynn bomullsvatt frå Northern Quilts. Denne vatten er veldig god å jobbe med. Passar godt til tepper, dukar og løparar.

(Desse linkane er tekne med fordi medlemmar var interessert i det:))


Påskeløpar, mønster kjøpt på Fantasi.


Er det Svanhild som står bak denne fine løparen?


Margrethe med lekker løpar frå "dama med stoppefoten"....
Ho har sydd fleire fine påskeløparar som heng på Fantasi.
Bilete av dei er på Facebookgruppa.


Anna er veldig flink med toalettvesker!


Kven står bak her?



Sol applikerer til påske.


Kari utanfor komfortsonen, likar eigentleg ikkje gult, dette er blokk frå Helle sitt kurs.


Påskehønene til Annlaug. Mønster frå Northern Q.




Handlenett, Annlaug sin ufo, mønster frå tysk veninne.


Svanhild, vår nye leiar, har pynta til oss. I egget var sjokolade. Løparen er designa av Liv Aagot Syse frå Lillehammer.


Torill er glad i handsaum! Nydelege hjarte og nåleputer!




Annfrid har løpar som matchar dynejakka!


Marie sine produkt frå kurset med Helle:



Framleis Marie, veldig koseleg og enkel løpar...


... og her har ho brukt 60 graders linjal.