Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 30. november 2017

VELKOMEN TIL JULEAVSLUTNING PÅ GLOPPEN UNGDOMSSKULE!

Onsdag 6 desember kl 1800

I år skal vi kose oss med litt julepyntlaging og julekaker på skulen.
Alle tar med litt julekaker som vi kan sette fram på bordene.

Som vanlig tar alle med ei julegåve til 50-100 kr.

 I år skal vi lage julepynt. Alle får ein matrialpakke til å lage eit hjerte, men ta med synål og tråd.
So skal Kari vise korleis ein brettar stjerner. Ta med stoff til den: 4 remser til ei stjerne på: 3 og 1/4 inch x12 inch. Her kan du bruke to og to like stoff.



                                                                       VEL MØTT !

fredag 3. november 2017

Novembermøtet 2017.

Det skjer mykje spennande i klubben no framover. Denne tysdagen hadde vi eit vi eit kjempekoseleg medlemsmøte. 
Her er bilete frå Vis og fortel:


Inger Karin syr fine løparar. Ho har fått inn eit nydeleg panelstoff frå Darlene Zimmermann, med kule trykk. På denne løparen var det oksen Bottolf som fekk plass...

Mønster er Vinterstjerner frå Ryum Quilt.



Same løpar med nydeleg uglestoff...


...og med tøft tekst/tal-stoff.
Svært anvendeleg mønster, med andre ord!


Søtt stitchery til adventsløpar.

 

Solveig har sydd nydeleg engleløpar. Denne går visst aldri av moten.
AnnaKa.



Jorunn har designa eigne lønnebladløparar. Nydelege!



Møbelstoff-veske frå minikurs med Liv.


Under her er visstnok ein fiskebolleboks.
Rianne, kurs med Margrethe.



Laila sine anvendelege, gjennomsiktige mapper.


Margrethe med nye pungar. AnnaKa. Klemmelås.



Toalettveska frå MyQuilt.


Muggruggane;))


 Annlaug har sydd slumreteppe til havhytte.
Stoff frå Primula på Eid.


Kari sine rundpinnemapper.


Dette bjørkestoffet er skikkeleg fint!




Hjartepute.
Denne skal vi sy på eit klubbmøte. 
Dei er gode å bruke for brystkreftopererte. Ide frå veninne i Tyskland.



Klubbaktiviteten, decoupage, ved Inger Karin. Her er Janne i aksjon med tørkaren...
Det skal bli spennande å sjå kva som blir vist fram på desembermøtet.
Inger Karin har samla og bytta serviettar lenge, og sel enkeltvis. Veldig flott!