Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 30. august 2019

Aktivitetsplan over haustsesongen 2019.

Velkomne til første klubbmøte i haustsesongen! 

Vi ser fram til ny sesong, og vonar på godt frammøte og fleire nye og gamle medlemmar! Terskelen skal vere lav, og aktivitetane vi tilbyd er frivillege som før!

I tillegg til planen under her, blir det altså kanonstart med kurs allereie i september! Framleis høve til å melde seg på!

Det kan også vere aktuelt med syhelgar, sylaurdagar, små-kurs på ein laurdag etc. Medlemmane må kome med ønskje og forslag!

NB: Vi er heldige som har ein  flott hobbybutikk på Sandane. Fantasi held seg oppdaterte på det som rører seg, og er generøse med å gje prosentar til medlemmane våre på syutstyr (stoff, tråd, vatt mm). Styret tek med litt for sal på alle møta.


September:
Marie vil demonstrere bruk av Dresden-linjalen, og vise korleis ei slik lita blokk kan nyttast i til dømes pung, toalettveske, mugrugs o.l.
Ta med symaskin og stoff. Dersom du har linjalen, er det fint, men det går fint an å låne Marie sin!


Image

Oktober:
Handlenett, fokus på miljø og redesign ved Elin.

Ta med stoff til enkelt (stødig stoff, franske saumar) eller dobbelt handlenett (gamle dynetrekk er fine til for). Vatt er unødvendig i desse. Du treng symaskin.

Det er flott om medlemmar som har sydd handlenett, tek dei med og viser. Dersom du har andre ting du har sydd av brukte stoff/klede etc., ta med, så lagar vi utstilling. Vi skal inspirere kvarandre!

November:
Ingunn frå Primula Design på Eid kjem og tek ein juleaktivitet med oss. Meir info seinare.

Desember: 
Julemøte. Meir info seinare.

mandag 26. august 2019

Lappeteknikk, noko for deg?



(Frå eit kurs med Mali Storli Engedal, ho har sydd dette moderne teppet i glade fargar)

Er du ven med symaskina di, men bruker ho lite?
Er du ikkje ven med symaskina di, men har lyst å bli det?
Likar du å sy, men kjem ikkje i gong?
Er du glad i stoff og fargar, men manglar inspirasjon?
Likar du handsaum, redesign eller saum av klede?
Tykkjer du tradisjonell lappeteknikk er utdatert og traust, kva med moderne teknikkar og former?

I Gloppen Lappe- og Quilteklubb ønskjer vi deg velkomen! Kanskje har du vore medlem tidlegare, men har hatt ei pause, kanskje du aldri har vore bort i lappeteknikk, og tykkjer det ser skummelt ut.
Trur du kanskje at det er for vanskeleg for deg, og at du vil føle deg "lost" i lag med røynde sydamer?

Vi i Gloppen Lappe- og Quilteklubb ønskjer deg spesielt velkomen! Du skal få hjelp til å kome i gong, vi skal lære deg bruk av linjalar og skjæreteknikk om du treng det. Vi tilbyr gjerne små innføringskurs. 
Når ein syr lappeteknikk i ei eller anna form, har ein alltid noko å henge fingrane i, og ein treng ikkje kjenne seg einsam. Det er også ein fin måte å bli kjend med andre menneske. Dersom du er ny i Gloppen, og ønskjer å kome i kontakt med nye menneske, kom og ver med! Du er sjølvsagt også velkomen til å vere med om du bur utanfor kommunen.

Vi held til i den nye formingsavdelinga på Gloppen Ungdomsskule, og treffast kvar 1. onsdag i månaden. Utanom dette arrangerer vi større og mindre kurs, og ekstra syhelgar eller sylaurdagar. 
Ta ein titt rundt på denne bloggen, og sjå kva vi driv med. Ta gjerne kontakt med ei av oss i styret om du kvir deg på å møte opp åleine.  

Vi blir glade for å sjå deg på medlemsmøte onsdag 4. september kl. 18.

torsdag 15. august 2019

Årets happening i GLQ!


hexie_pillow_pivot_quilt

Hei alle saman!

No nærmar det seg tida for årets "happening" i Gloppen Lappe- og Quilteklubb: Kurs i mønster frå 



med instruktør Mali Storli Engedal

ei av Noregs mest markante moderne quiltarar, og ein dyktig instruktør!


Pivot quilt og Modern  hexagons.

Vi kan tilby eit 15 timars kurs helga 13. - 15. september for berre kr. 700, inkludert mat laurdag og søndag

og ikkje nok med det, 

vi tilbyr

same prisen for medlemmar og ikkje medlemmar!

Då nokre påmelde har sett seg nøydde å takke nei, sender vi ut denne innbydinga, og vonar at det er fleire der ute som vil nytte høvet å lære seg lure triks og teknikkar som er in i tida, og såleis få ein inspirerande pangstart på haustsesongen.

Meld deg på til kursansvarleg Elin på tlf. 99715205 så snart du kan.

Bindande påmelding og betalingsfrist er laurdag 31.8.19.




(Nokre av bileta under er lånte frå Pinterest, og nokre er Mali sine).
















Includes Bonus Hexie Flower Layout! Modern Hexies is a faster version of traditional english paper piecing, but with a modern spin. This pattern gives you full instructions for a decorative pillow, but can also be used to create your own Modern Hexies project.  Video tutorial links included in PDF pattern sharing instructions and my favorite tricks.  Skill Level: Easy to Intermediate Finished Size: 19.5" x 19.5" square Fabric Requirements:    1 yard of fabric for pillow 41 2.5" x 2.5" squares...

This #modernhexies project makes me happy!! // #cybermonday sell still going on // ✂ #fabriquilt #quiltingstencils #qpedgerulers…

Quiltmanufaktur-Blog: Modern Hexies - Hexiesets von Allie and the Dude