Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 30. august 2019

Aktivitetsplan over haustsesongen 2019.

Velkomne til første klubbmøte i haustsesongen! 

Vi ser fram til ny sesong, og vonar på godt frammøte og fleire nye og gamle medlemmar! Terskelen skal vere lav, og aktivitetane vi tilbyd er frivillege som før!

I tillegg til planen under her, blir det altså kanonstart med kurs allereie i september! Framleis høve til å melde seg på!

Det kan også vere aktuelt med syhelgar, sylaurdagar, små-kurs på ein laurdag etc. Medlemmane må kome med ønskje og forslag!

NB: Vi er heldige som har ein  flott hobbybutikk på Sandane. Fantasi held seg oppdaterte på det som rører seg, og er generøse med å gje prosentar til medlemmane våre på syutstyr (stoff, tråd, vatt mm). Styret tek med litt for sal på alle møta.


September:
Marie vil demonstrere bruk av Dresden-linjalen, og vise korleis ei slik lita blokk kan nyttast i til dømes pung, toalettveske, mugrugs o.l.
Ta med symaskin og stoff. Dersom du har linjalen, er det fint, men det går fint an å låne Marie sin!


Image

Oktober:
Handlenett, fokus på miljø og redesign ved Elin.

Ta med stoff til enkelt (stødig stoff, franske saumar) eller dobbelt handlenett (gamle dynetrekk er fine til for). Vatt er unødvendig i desse. Du treng symaskin.

Det er flott om medlemmar som har sydd handlenett, tek dei med og viser. Dersom du har andre ting du har sydd av brukte stoff/klede etc., ta med, så lagar vi utstilling. Vi skal inspirere kvarandre!

November:
Ingunn frå Primula Design på Eid kjem og tek ein juleaktivitet med oss. Meir info seinare.

Desember: 
Julemøte. Meir info seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar