Hei igjen!
Snart 2. november og samling i klubben igjen!
Denne kvelden skal vi sy i dongeri! Vi legg ikkje opp til "kurskveld" som sist, der Marie viste korleis vi syr toalettveske/nett. Denne kvelden syr du det du har lyst til, og vi hjelper kvarandre både med framgangsmåte og idear til kva vi kan sy.Så ta med symaskin (kan og bruke skulen sine), stoff og jeansnål og gjerne noko du har sydd i dongeri tidlegare!
Sender med nokre bilete til inspirasjon! Elles finn du mykje inspirasjon på Pinterest for de som er innom der og i div. Quiltemagasin.
Dei som skal ha med seg mat og kaffi, er Torill Rygg og Solveig Lunde! (Sjå tidlegare innlegg!)
Hugs å ta med til "Vis og fortel" og pengar til loddsal! 😃
Vel møtt til ein kjekke kveld!
Til de som saknar bilete frå forrige samling, må eg berre årsake! Eg måtte dessverre gje avbod, og alle som var der, var så opptekne at dei heilt gløymde å ta bilete. 😊 Men eg veit at dei hadde ein veldig kjekke og inspirerande kveld! Så tusen takk Marie for opplegget du hadde! 👏👏
Helsing styret v/Marianne