Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

tirsdag 25. april 2023


Klubben på Eid har invitert oss til å vere med på medlemsmøtet deira 2. mai! Kjekt!!!

Hallo! Gloppetausene er hjarteleg velkomne til det utvida medlemsmøtet vårt på Stokkenes Gjestegard tysdag 2. mai kl 18.30!
Der vert det trekning av lotteriet vårt til inntekt for Ukraina, åresal og gratis kaffi med noko å bite i. Vis og fortel vert det og. Velkomne!
Mvh
Torunn Føllesdal Utnes

NLQ

Nokon som har lyst å vere med? Gje meg ei tilbakemelding (Marianne 95180259) innan søndag 30.april,  slik at eg får melde frå kor mange vi blir! 


tirsdag 18. april 2023

Kjekk samling i klubben onsdag 12. april!


Vi hadde stichery som tema,  og mange starta med å brodere på bakedekke. 

Her ser du bileta frå "Vis og fortel!" Berre sååååååå mykje flott! 👏





























........og her ser du nokre fine mønster til inspirasjon for sticheryarbeid!