Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 14. mai 2017

Syhelg i mai.


Helga før 17. mai har vi hatt sysaman-helg. Ein god gjeng var samla til inspirasjon og sying. Dette markerer våravslutninga dette året.


Her er nokre bilete frå syinga og frå Vis og fortel i løpet av helga.
Fleire bilete ligg på Facebooksida vår.


PÅMINNING: Styret ønskjer at alle betaler medlemskontingenten på kr. 150. Sjå kontonr. i margen.

Dei som viser til betalt medlemsskap i 2017 (med kort) får 10% på stoff, vatt, mønster og linjalar hjå Fantasi!   Dette er ein god gest frå butikken si side!


Kari demonstrerer Pineapple Blossom, ein super teknikk for å bruke restar eller sy meir bevisst når det gjeld fargar og mønster. Stripene er svært "jellyroll-vennlege"!  





























onsdag 3. mai 2017

SYHELG 12, 13 OG 14 MAI

Kom ilag og sy heile eller delar av helga. Du bestemmer kva du vil sy, men det er kjekt viss du blir med på det vi har planlagt.

Fredag startar vi kl 18.00. Ta gjerne med ei UFO eller to.
Laurdag startar vi kl 10.00 Kari held kurs i Pineapple blossom.
Søndag startar vi kl !0.00. Sy det du vil.

Det blir lotteri, vis og fortell alle tre dagane.
Vi lagar til fellesmåltid kvar dag der vi set all maten på eit bord. Ta med eit fat med mat den/dei dagane du er med.      Styret ordnar med kaker.

Pineapple Blossom:
For å sy ei blokk treng du:
5 stk 4,5x4,5" kvitt stoff
2 stk 2,5x2,5"
4 stk 2,5x8,5"
2 stk 2,5x12,5"
Viktig med kontrast! Kan bruke svarte-mørke eller kvite firkanter.
Kan bruke Jellyroll viss du ikkje har restestoff ;)

Her skulle det ha vore eit bilde eller to, men har litt datatrøbbel i dag. Prøvar å legge bilde ut på FBgruppa.