Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 16. september 2018

Quiltetur til Eid

Hei! Då skal klubben på tur til Eid på besøk til Nordfjord Lappe og quilteklubb tysdag 2. oktober. (blir ikkje møte her den onsdagen) Dei skal ha Katedralvindu den kvelden, så vil gjerne at vi tar med noko i den teknikken viss ein har. I november skal dei ha oldermorsruter med Mona Bauge, så dei vil gjerne ay noken tar med noko i det og om ein har. Ellers vil dei ha noko til Vis og fortell. Dei vil gjerne vite ca. kor mange som kjem, så ein kan melde seg på til tlf 90117846. Vi fyller opp bilane på Firda Billag, og møter opp litt før kl 17.00. Påmeldingsfrist torsdag 27. september.

torsdag 6. september 2018

Septembermøtet 2018

Informasjon frå styret

Det var eit svært godt resultat på loddsalet på Sandanedagane. Totalt fekk ein inn ca. 13000 til krisesenteret i Florø!

Vi skal halde fram med veldedighet framover, i og med at vi skal sy teppe til Tepper som varmer-aksjonen før jul. Det er sjølvsagt frivillig, men det er å håpe at mange vil delta. Teppa må vere minimum 120x120 cm, men dei kan gjerne vere rektangulære. Sjukehuset i Ålesund melder at dei spesielt ønskjer teppe til gutar. Dei godtek fleece på baksida (ikkje alle sjukehus vil ha det).

Tysdag 2. okt. er vi inviterte til Nordfjord Lappe- og Quilteklubb på Stokkenes gard på Eid. Tema for kvelden er katedralvindu. Dei som har laga slike blokker må ta med seg og syne fram. Dei skal ha kurs seinare med Mona Bauge i oldemorsruter. Dei som har laga slike i klubben vår, må gjerne ta med og vise fram.
Styret kjem attende til møtestad og tidspunkt.


Vidare fekk vi vite om desembermøtet 5. desember, der vi skal markere 20års-jubileet på Gloppebua.
Det blir bestilt inn mat frå Kleppeneset, og ein del av det blir sponsa til medlemmane.

Klubbmøtet 5. september

  Det var ikkje så mange frammøtte denne kvelden. Det var godt ver og første dagen av musikkfesten, så det kan vel vere litt av forklaringa på det. 
Her er eit lite glimt frå vis og fortel og syaktivitetar rundt borda.