Vil du vere med til Vågsvåg og har gløymt å melde deg på! Du rekk det, for påmeldingsfristen er i morgon 1. juni!😀 Send SMS til 95180259 eller ring meg!
Gamlebloggen
onsdag 31. mai 2023
tirsdag 9. mai 2023
Tur til Vågsvåg
Henny har invitert oss til feriehuset sitt i Vågsvåg, onsdag 7. juni! Det set vi stor pris på, og gledar oss veldig til å besøke ho og dette flotte kystlandskapet.
Det vert avreise frå Firda Bilag kl. 15.25, presis. Ferja går 15.40. Retur frå Vågsvåg 21.30.
Omvisning i Vågsberget kl. 17.30. Vågsberget er ein av dei mest intakte handelstadane på Vestlandet frå 1800 talet. Omvisninga kostar 90 kr. per. person. Her ser du bilete av staden.
Ta med ting du har laga, for vi skal sjølvsagt ha "Vis og fortel".
Det blir servert suppe og kaffi!
Før kaffien er det høve til å ta seg ein køyretur til Kannesteinen i Oppedal, eller du kan vere med på ein rusletur, der du ser ut mot det opne havet.
Påmelding innan 1. juni til Marianne 95180259
Meld og frå om du sjølv kan køyre og om du har stor eller liten bil (god plass til 4 eller 5 personar). Eg set så opp ei liste over kven som sit på med kven.
De gjer opp innbyrdes til sjåføren. Blir 125 kr. i skyssutgifter pr. person, inkl ferja.
Då håpar vi mange har lyst til å vere med og avslutte quiltesesongen ute ved havet! Så hiv deg rundt og meld deg på! 😀
tirsdag 25. april 2023
Klubben på Eid har invitert oss til å vere med på medlemsmøtet deira 2. mai! Kjekt!!!
NLQ
Nokon som har lyst å vere med? Gje meg ei tilbakemelding (Marianne 95180259) innan søndag 30.april, slik at eg får melde frå kor mange vi blir!
tirsdag 18. april 2023
onsdag 29. mars 2023
Velkommen til samling i klubben onsdag 12. april på GU!
Tema for kvelden: Vi syr bakedekke eller brikker.
Du kan sy i stichery, applikere for hand/symaskin eller sy det i ein valfri lappeteknikk.
Om du har sydd bakedekke før eller har mønster som passar til bakedekke, set vi pris på om du tek det med og deler med oss andre!
Vi viser modellar og har med nokre mønster.
Elles blir det vanleg opplegg med loddsal, mat og "Vis og fortel". Kaffivertinner er Henny og Ingunn.
Vel møtt alle saman! Blir kjekt å samlast igjen!
mvh Marianne
Dette er Annlaug sitt bakedekke som ho har hatt med på "Vis og fortel! tidlegare.
onsdag 8. mars 2023
Kurskveld med @syoddny
Kurskveld med @syoddny var veldig kjekt! Stor takk for grundig og flott instruksjon av "Jelly roll quilts" ved hjelp av eit kantebandsapparat (skråbandhaldar).
Spennande å lære noko nytt! Ho hadde med seg nokre modellar, og dei ser du her! Håpar mange har kasta seg på teknikken, og tek med seg det dei har laga til "Vis og fortel" 12. april!
.jpeg)
.jpeg)