Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 13. november 2023

Klubbsamling onsdag 1. november

Heile 19 quiltedamer hadde møtt opp denne kvelden! Trur det må vere rekord!! 
Tema for kvelden var handlenett og strikkepinnemappe. Stor aktivitet og god stemning!

Vi markerte også at to av damene våre, Anna og Annlaug har runda høge tal. Anna med sine 90 år og Annlaug med sine 81! Ja, kven kunne tru det! Og her hadde nok leiaren i klubben rota fælt, for ho trudde det var i år ho blei 80, ja eigentleg trudde ho det var 70 år ho blei!😀😀😀

Begge damene har vore med sidan klubben formelt starta opp i april 1998. Anna var nestleiar i dette første styret saman med Sol, Marie og Kari Standnes, som då var leiar. 
Annlaug kom inn i styret i 2011 som kursansvarleg. Så var ho ute av styret litt, og tilbake ein periode frå 2020. 
Desse to damene har møtt trufast opp på klubbkveldane, og begge to har hatt kurs for oss andre. Dei har vore positive pådrivarar for klubben, og har inspirert oss andre med alt dei har sydd og laga opp gjennom desse åra. Dei har nesten alltid med noko til "Vis og fortel!" 
Vi er imponert!


    


Så utruleg mykje flott som blei vist på "Vis og fortel". Sjå berre her: 



 



 







 


 







 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar