Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 26. september 2021

Kurs i sying på papir

 Då har vi sendt ut mail til alle påmelde til kurset komande helg, 2. og 3. oktober. Dersom du likevel ikkje har motteke denne mailen med materialliste og praktiske opplysningar, må du vere god å gje beskjed!

No gledar vi oss til kurs!




torsdag 2. september 2021

Septembermøtet

Då har klubben hatt sin første medlemskveld for hausten. Frammøtet var etter forholda godt, og praten og inspirasjonen var veldig bra!

Ein held fast på møtetid første onsdag i kvar månad, om du ikkje høyrer noko anna!

Det blir forhåpentlegvis kurs med Nina Strandplats laurdag 2. og søndag 3. oktober. Det er ikkje lenge til, så no bed vi om at folk straks tek kontakt med styret og melder seg på. Det var allereie god respons på møtet, så vi håpar verkeleg at vi får til kurs denne gongen!
Kurset er papirsaum på lure måtar, av ei dame som er skikkeleg proff!
Du kan bli betre kjend med henne på Youtube-kanalen Den glade tråd og andre stader på sosiale media.

Ikkje-medlemmar frå Gloppen og frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb er velkomne til å setje seg på venteliste, og dei får kurset til medlemspris. Slå den!
Ein tek det som sjølvsagt at alle er fullvaksinerte mot korona!

Medlemmane får tilsendt info på mail, og så blir det hengt opp info på butikken Fantasi på Sandane, andre kan be om meir info frå underteikna, Elin, eller frå ei i styret (sjå venstre marg).

Når det gjeld stjerneblokker som er omtala under forige innlegg frå Marit, så er det berre å sy i veg, vi har hausten på oss, men kanskje det er først best....


Her kjem ein biletkavalkade, litt vis og fortel og litt aktivitetar.  
(Bileta er uredigerte direkte frå dårleg mobilkamera, sorry!)