Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 31. mai 2023

Vil du vere med til Vågsvåg og har gløymt å melde deg på! Du rekk det,  for påmeldingsfristen er i morgon 1. juni!😀 Send SMS til 95180259 eller ring meg!

tirsdag 9. mai 2023

 Tur til Vågsvåg 

Henny har invitert oss til feriehuset sitt i Vågsvåg, onsdag 7. juni! Det set vi stor pris på, og gledar oss veldig til å besøke ho og dette flotte kystlandskapet. 

Det vert avreise frå Firda Bilag kl. 15.25, presis. Ferja går 15.40. Retur frå Vågsvåg 21.30.

Omvisning i Vågsberget kl. 17.30. Vågsberget er ein av dei mest intakte handelstadane på Vestlandet  frå 1800 talet. Omvisninga kostar 90  kr. per. person. Her ser du bilete av staden. 



Ta med ting du har laga, for vi skal sjølvsagt ha "Vis og fortel".  

Det blir servert suppe og kaffi! 

Før kaffien er det høve til å ta seg ein køyretur til Kannesteinen i Oppedal, eller du kan vere med på ein rusletur, der du ser ut mot det opne havet. 

Påmelding innan 1. juni til Marianne 95180259 

Meld og frå om du sjølv kan køyre og om du har stor eller liten bil  (god plass til 4 eller 5 personar). Eg set så opp ei liste over kven som sit på med kven. 

De gjer opp innbyrdes til sjåføren. Blir 125 kr. i skyssutgifter pr. person, inkl ferja. 

Då håpar vi mange har lyst til å vere med og avslutte quiltesesongen ute ved havet! Så hiv deg rundt og meld deg på! 😀