Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 17. februar 2019

Litt om planane framover.

Oppdatert innlegg 28. februar:


Aktivitetsplan våren 2019:

På mars-møtet syr vi "potteskjulepynt" til påske. Margrethe står for aktiviteten. Symaskin.

Sylaurdagar i mars:  23. og/eller 30. mars.

Her trengs ikkje påmelding, men det kan vere greitt med ei viss oversikt. Om ein vil ha ein av tilstøtande søndagar i tillegg, går det også greitt, dersom rommet er ledig.
Ein tek med det ein vil sy ut frå lyst og behov, likeeins med mat og drikke. Her satsar vi på avslappande og god systemning, der ein har høve til å bruke store bord (til montering, skjæring), og få inspirasjon frå kvarandre. Om nokon vil demonstrere ein linjal eller ein teknikk, er jo det flott.

På aprilmøtet syr vi "trekantpungar". Annlaug står for aktiviteten. Symaskin.

Laurdag 11. mai - TUR

Alternativ A: inspirasjonstur til Desiree på Sande. Det vert høve til handel, og ho vil halde foredrag til oss på Mjølkerampen, der vi kan ha eit måltid. Foredraget er det same som ho skal halde på årsmøtet i Norsk Quilteforbund i mars, Totalopprydding på syrommet. 


Alternativ B: inspirasjonstur til Leonards Forlaavelse i Hellevik. Tone Undertun skriv følgjande:

Dagpakke:
Oppstart kl 12.30 eller kl 13.00 (evt senere).
Slutt: kl 18 -20 avhengig av ønske.

Deltagerantall: ca 20?
Kaffe/te ved ankomst - evt mineralvann. 
Forlaavelsesbuffét servert kl 13 eller 14.00
Inkludert dessert og kaffe/te,handverk eplemost.
Serveres i kjøkkenet i fjøsen.

Kaffemat servert kl 15.30 eller 16.00
Leonards frukt og nøttebrød, mormors honningkake, lokalprodusert yoghurt og müsli. Kaffe/te, lokalprodusert mineralvann.

Pristilbud dagpakke : kr 450 pr pers.
Samlet pris for 20 personer - kr 9000.
Minimumspris for arrangement kr 7500.  

Gruppen disponerer alle bygg - låve og hagestue. Gardsbutikk i skafferiet og interiør og nostalgisk stoffbutikk på låveloft. 
Det er mulig å oppholde seg utendørs på verandaer ved låve og ved fjorden, rusle i fjæra eller på svaberg. 

Evt opplegg om søm vil ha en rimelig pris.

Det er erfaringsvis mye å se på eiendommen og kunne senke skuldrene og nyte en rolig dag i idylliske omgivelser.

Opplegg for dagen kan tilpasses til behov.
Dette er et forslag som kan diskuteres.
Ta kontakt om det er behov for mer info.

Vi har satt av den 11.5 til dere. 
Vi ber om rask tilbakemelding om vi skal reservere dagen for dere eller om vi kan fristille dagen. 

Mvh
Tone Undertun
Leonards Forlaavelse 

Desse arrangementa krev ein del deltakarar, så tenk over om du vil vere med. Vi bestemmer oss på marsmøtet. Flott om dei som ikkje kjem på marsmøtet vil gje melding snarast om kva alternativ dei går for!

TIL HAUSTEN:

 Det har vore gledeleg oppslutnad om kurset med Mali i september! Framleis plass til 5 - 6 deltakarar. Berre hald fram å melde på til underteikna.

Elin.

fredag 15. februar 2019


Kurshelg i Gloppen Lappe- og Quilteklubb

13. - 15. september 2019


Vi er så heldige å ha fått Mali Storli Engedal som kurshaldar for oss denne helga i september!

 Del 1 av kurset er modern hexies - moderne heksagoner. Her er bilete av eit prosjekt som Mali held på med no. 

Det kjem sjølvsagt meir info om kurset etter kvart. Set av denne helga i kalenderen, og meld deg på. Kursansvarleg tek imot påmeldig allereie no.

Det blir opna for ikkje-medlemmar viss det framleis er plass (etter ein viss frist).







Denne er frå Pinterest/Instagram, søk gjerne opp modern hexies og finn meir inspirasjon.



Del 2 av kurset er Pivot-quilten frå Modern Handcraft.
 Meir info når det nærmar seg. 


søndag 10. februar 2019

Februar-møtet med årsmøte



Vis og fortel

Kari har sydd Bonnie Hunter-mysteret denne jula og. Nydeleg teppe!




Marie har sydd Ingunn-løpar.
Ikkje heilt ferdig.



Kari har det travelt med å sy babytepper for tida. Kollega-gåve.


  
Anna kosar seg med toalettmappe-sying...



... og fleire flotte forkle!


Solveig med eige design!


Dette er også Solveig sine unisex-mapper frå MyQuilt.


Nokre av damene på møtet.



Dette blir mars-aktiviteten, som Margrete står for.