Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 26. august 2018

Sandane-dagane 2018

Denne helga har det vore Sandane-dagane for 2018. 

Gloppen Lappe- og Quilteklubb har hatt ny utstilling i Sandane Senter, samtidig som ein hadde loddsal til inntekt for Søstre for søstre/Krisesenteret i Florø.

Klubben er fast støtte til denne saka, som blei starta av Desiree Øvrebø for fleire år sidan.

Utstillinga var eit ledd i 20-årsmarkeringa av klubben.

Takk til alle som var innom utstillinga i løpet av helga, og som støtta ei god sak!