Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 16. april 2015

Sommaravslutning
6. mai kl. 18.00

på stabburet til Daiva på Vereide

Ta med kr. 100,- til delvis dekning av mat.
Påvelding innan 25.4. til Grethe Ravnestad, tlf. 97 63 75 55.

Vi møtest bak sparebanken ca. 17.40 for samordning av skyss.
Hugs "Vis og fortel"!



(Bilete frå nettet)

torsdag 9. april 2015

April-møtet

Det har vore ein aktiv etterjulsvinter med små-kurs i klubben. Tildadukker er det eine.
Jorunn har laga to flotte dukker. (Fleire dukker på innlegget frå mars).


Solveig har sydd eit lite hattedameteppe (sjå teppet som Grete M. viste i mars).


Mannetoalettveske med naglar.


Nydeleg teppe i gammal bretteteknikk.



Reidun M. sin påskeløpar....


  ...og flygande gjess, frå eit anna kurs i vinter, symaskindekke.








Annlaug har laga mange slike boksar til sysakene, og har også halde kurs.


Sitjeunderlag i rillestrikk, etter ide av Arne & Carlos, laga av Kari E.


Edny har gått kurs med Margrete i maling på stoff.
Ho har laga fleire flotte vesker.





Anna har laga dette nydelege teppet (Turning twenty), Merethe på Sy.no har kvilta det. 


Så har ho sydd eit Forget me not, som også skal til Merethe.



Anna er 80+ og syr masse. Ho er glødande interessert og positiv. Det er berre til å bli imponert av! Dei seier at ho også spring på tredemølla på treningssenteret! Sjølv takkar ho si svært gode helse for alt dette. 
Dette teppet er ei historie i seg sjølv, som burde bli nedskriven! Det blei ferdigkvilta under solformørkinga. Her er gamle Friendship star-blokker, nye Sawtooth star-blokker, og batikkfarga stoff frå veninna Marie Brendefur i Ålesund. 
Anna fekk råd og vink av Margrete på hobbykveld på Fantasi (Ronny Rør).


Margrete ekperimenterer med forskjellig spennande, trykk, maling og mykje anna.
Ho har halde kurs på Fantasi.










Veldig kjekt at Inger Karin er blitt med i klubben. Her har ho vore på kurs med Margrete, og sydd handlenett.


Dette teppet er laga av underteikna (Elin), og ein kan finne meir om historia bak teppet her.


 Ide og mønster kjem frå Internett, teppet heiter Modern medallion. Her er alt skakt og skeivt. Blokka i midten er eigendesigna New York Beauty. Her er brukt masse restestoff.
Frihandskvilting i lange baner. 


Bestemors fylte drops, frå kurs med AnnaKa i Florø. 
Reproduksjonsstoff frå 1800-talet i USA.


Swoon sengeteppe, etter mønster frå Camille Roskelley. Det går an å lese meir om dette i same linken som ovanfor.

Handsydd løpar med restestoff frå Lappemakeriet.


Femke frå Nederland er vel den yngste i gloppetauseflokken. Ho er veldig kreativ.



Femke prøvde seg på sekskantar for første gong, sydd på strek, og med "fussycut", dvs. motiv i sentrum.

 


Grethe R. har laga denne søtingen.


Svanhild har sydd trekk til symaskina si.



Marie sitt fine veggteppe.


Marie jobba med denne fine duken av AnnaKa.



Ein typisk nederlandsk matrett, butterdeig og kjøt inni. Nydeleg!