Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

lørdag 28. oktober 2023

 Tips til strikkepinnemappe

I forrige innlegg skreiv eg at vi ikkje har bilete av modellar til strikkepinnemappe og handlenett.

Eg vil likevel vise strikkepinnemappa som eg nettopp har begynt på. Mønster og stoff kjøpte eg på Fantasi. 

Lommene er sydd i plast. Plass til 12 runde pinnar og 17 strømpepinnar og litt anna. Kan og sy den i ein mindre modell. Litt arbeid med, men eg trur den blir fin! Kjekt å sy i allefall! Kanskje eg blir ferdig til onsdag? 👍😀😀


      Mønster kjøpt på Fantasi                                    Baksida på denne er heilt lik!





 Velkommen til klubbsamling onsdag 1.november

Vi skal sy handlenett og strikkepinnemappe, men du kan og sy på dine eigne prosjekt. Det kan jo bli flotte julegåver!!

Vi har ikkje laga modellar på det vi skal sy denne kvelden, men kanskje du har sydd noko av dette tidlegare? Flott hvis du tek med det du har laga! 

Ta med det du treng, anten du vil sy handlenett, strikkepinnemappe eller noko anna!

Så satsar vi på ein kjekke og inspirerande kveld, med mykje aktivitet og god søje! 

mvh Marianne

.....og Elin, tusen takk for at du tok så flotte bilete på siste samling og la ut på sida her!




torsdag 5. oktober 2023

Medlemsmøte oktober -23

 Det blei ein koselig og morosam klubbkveld med mykje inspirasjon. Sjølv om vi berre var 13 som møtte denne kvelden, pga diverse gjebussar, sydenturar og you name it, så hadde vi god stemning og god aktivitet! Kaffimaten smakte godt som alltid. Gleder meg allereie til neste møte🤩🤭🙂

Vis og fortel:

Først alle korgene eller krukkene, som var klubbaktivitet på forrige møte. Her er mange variasjonar! Veldig inspirerande. Fantasi fører denne "tråden".






Så kjem kaffi/spisebrikker og gardinkapper ved Holvik og Ryssdalsnes, panelstoff frå Fantasi:





Toalettvesker, boksar, korger, strikkepose:













Brikker, dukar, løparar:






Redesign og symaskincover:




Til slutt litt jul:


Lagt inn av Elin.